Nav skal ikkje ta omsyn til barnetrygd ved vurdering av søknader om økonomisk stønad
Arbeids- og velferdsdirektoratet har oppdatert rundskriv 35 etter lovendringa som gjeld frå 1. september 2022.
Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.
Sosialtenestelova § 18 tredje ledd lyder slik etter lovendringa: «Ved vurdering av søknad om stønad til familier skal det ikke tas hensyn til barnetrygd og barns inntekt av arbeid i fritid og skoleferier.»
Arbeids- og velferdsdirektoratet har oppdatert punkta 4.18.1, 4.18.1.6 og 4.18.2.27 i rundskriv 35 til sosialtenestelova. Dei skriv blant anna at lovendringa kan betre økonomien til barnefamiliane, og dei presiserer at barnetrygda heller ikkje skal takast med i vurdering av søknader om hjelp i ein nødssituasjon.
Du kan lese heile rundskriv 35 her.
I eit brev datert 26. september 2022 gjer Arbeids- og inkluderingsdepartmentet greie for kva lovendringa medfører på tre område:
- Kva inneber det at Nav ikkje skal ta omsyn til barnetrygda ved vurdering av sosialstønad til familiar?
- Kan Nav ta omsyn til barnetrygda når familien søkjer om naudhjelp?
- Kan Nav grunngje avslag på «kan-ytingar» etter sosialtenestelova paragraf 19 med at familien kan bruke barnetrygda?