Nedgang i utbetalingane av sosialstønad i Vestland
I 2020 betalte kommunane i Vestland ut 697 millionar kroner i sosialstønad, ein nedgang på heile sju prosent samanlikna med året før.
Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.
Dette kjem fram av statistikk som kommunane har rapportert inn i Kostra (Kommune-Stat-Rapportering). Dei fleste kommunane i Vestland fekk nedgang i utbetalingane av sosialstønad i 2020 samanlikna med 2019, men det er også nokre kommunar som fekk auke, sjå oversikta som ligg ved.
Til saman betalte kommunane i Vestland ut 697 162 088 kroner i 2020. Bergen åleine betalte 57,5 prosent av dette.
Vi har samla rapporteringa frå kommunane i vårt fylke, og laga ei samla oversikt for Vestland. Vi bruker slike oversikter til dømes ved planlegging av tilsyn med Nav sine oppgåver etter sosialtenestelova. Vi trur at Nav-kontora/kommunane også vil kunne ha interesse av oversikta, og difor legg vi oversikta på nett.
Kommunane med størst utbetaling
I alt 34 av kommunane rapporterer om nedgang i utbetaling av sosialstønad i 2020, medan ni rapporterer om auke. Dei ti kommunane i Vestland som hadde størst utbetalingar i 2020 er:
Kommune | Utbetaling i 2020 |
Bergen | 400 711 901 kroner |
Øygarden | 39 789 717 kroner |
Askøy | 31 715 595 kroner |
Alver | 23 881 596 kroner |
Sunnfjord | 19 834 510 kroner |
Bjørnafjorden | 17 260 808 kroner |
Voss | 15 394 399 kroner |
Stord | 12 023 483 kroner |
Sogndal | 11 085 225 kroner |
Ullensvang | 11 029 368 kroner |
Reduksjon i utbetalingane
Desse ti kommunane hadde størst prosentvis reduksjon:
Kommune | Prosentvis reduksjon |
Solund | - 67 prosent |
Lærdal | - 41 prosent |
Hyllestad | - 34 prosent |
Aurland | - 33 prosent |
Sveio | - 31 prosent |
Kinn | - 28 prosent |
Øygarden | - 26 prosent |
Samnanger | - 23 prosent |
Bømlo | - 20 prosent |
Sunnfjord | - 19 prosent |
Auke i utbetalingane
Dette er dei ni kommunane som hadde auke:
Kommune | Prosentvis auke |
Etne | + 56 prosent |
Vaksdal | + 22 prosent |
Ullensvang | + 9 prosent |
Gulen | + 9 prosent |
Voss | + 9 prosent |
Modalen | + 6 prosent |
Tysnes | + 5 prosent |
Stad | + 4 prosent |
Masfjorden | + 1 prosent |