Snart slutt på å rekna barnetrygda som inntekt
Ved årsskiftet 2021/2022 rapporterte 28 av 43 kommunar i Vestland at dei rekna barnetrygda som inntekt ved vurdering av søknader om sosialstønad. Men frå 1. september 2022 må alle kommunane halde barnetrygda utanfor.
Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.
Fram til no har det vore opp til det kommunale sjølvstyret om ein kommune vil halde barnetrygda utanfor ved utmåling av sosialstønad, og fleirtalet av kommunane har valt å rekne barnetrygda som inntekt.
Kva kommunane har rapportert
Kvart år rapporterer kommunane i Kostra (Kommune-Stat-Rapportering) om dei reknar barnetrygda som inntekt eller ikkje. På landsbasis er det om lag to tredelar av kommunane som melder at dei reknar barnetrygda som inntekt. Også i Vestland er det om lag to tredelar av kommunane som melder dette.
Både ved årsskiftet 2020/2021 og årsskiftet 2021/2022 rapporterte 28 av 43 kommunar i Vestland at dei rekna barnetrygda som inntekt ved utmåling av sosialstønad. Det var ikkje nøyaktig dei same kommunane som meldte dette, ettersom fire kommunar har skifta side. I 2020 meldte Etne og Kvam at dei rekna barnetrygd som inntekt, medan dei i 2021 haldt barnetrygda utanom ved utmåling av sosialstønad. Bremanger og Osterøy gjekk den andre vegen.
Ved årsskiftet 2021/2022 rapporterte desse femten kommunane i Vestland at dei haldt barnetrygda utanom: Alver, Askøy, Austevoll, Bergen, Bjørnafjorden, Etne, Kvam, Kinn, Kvinnherad, Samnanger, Stad, Ullensvang, Voss, Øygarden og Årdal. Heile oversikta finn du her.
Endring av lova
Regjeringa føreslår no å skrive inn i sosialtenestelova at Nav må halde barnetrygda utanom ved behandling av sosialhjelpssøknader frå barnefamiliar. Endringa skal etter planen tre i kraft 1. september 2022.
På årsbasis vil dette gi meirutgifter på om lag 560 millionar kroner for kommunane. For perioden 1. september og ut året vil lovendringa medføre om lag 187 millionar kroner i meirutgifter, og dette beløpet har Stortinget allereie løyvd i statsbudsjettet for 2022.
Samtidig melder Arbeids- og inkluderingsdepartementet at dei i samband med lovendringa vil vurdere dei statlege rettleiande sosialhjelpssatsane, medrekna satsane for barnetillegg. Du kan lese lovforslaget på regjeringa si heimeside.