Rådgjevande eining for russaker

Helsedirektoratet har oppdatert vilkår og rutinar for oppmøte, ruskontroll og gjennomføring av samtalar hos rådgjevande eining for russaker.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 17.10.2022, Sist endret 10.05.2023

Brevet erstattar tidelegare utsendt brev, og inneheld rutinar for gjennomføring av nødvendige samtalar og undersøkingar for å sikre at behov og krav på helse- og øvrige velferdstenester blir vareteke. Les heile brevet frå Helsedirektoratet i denne lenkja.

Frå 1. juli 2022 er kommunane pålagt å ha rådgjevande eining for russaker. Eininga kan organiserast slik kommunen sjølv meiner det er tenleg.

Eininga skal ha ansvaret for å møte personar når oppmøte er sett som vilkår for ein bestemt strafferettsleg reaksjon. Dette omfattar også å gjennomføre ein ruskontroll dersom dette er sett som vilkår.

I samband med  den varsla førebyggings- og behandlingsreforma som Regjeringa vil innføre frå 2023 er det varsla at dei rådgjevande einingane kan verte pålagt fleire oppgåver.

Les meir om etablering av rådgjevande eining for russaker hos Regjeringa.

Rusfaglig frokost

Else Kristin Utne Berg frå KORUS Bergen, og Steinar Skaug, tiltaksleder Tidlig Ute og Rådgivende enhet for russaker i Bergen kommune, svarte på spørsmål om rådgjevande eining for russaker i Facebook-sending 28. oktober 2022. Sendinga ligg på heimesida til KORUS Bergen, og er mogleg å sjå i etterkant.

Les meir på heimesida til KORUS Bergen.

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.