Webinar om tilskot til FACT Ung
Den 8. mars 14.00-15.30 arrangerer NAPHA, i samarbeid med Helsedirektoratet, eit webinar for regionar som er interessert i, eller vurderer å søke tilskot til oppretting av FACT Ung-team.
Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.
På webinaret blir det gitt informasjon om tilskotsordninga og FACT-modellen. Det er også mogleg å stille spørsmål. Lenkje til påmelding blir lagt ut på temasida til FACT Ung hos NAPHA.
Her finn du lenkje til tilskotsordninga, som har søknadsfrist 31. mars.
Kva er FACT Ung?
FACT Ung-team er tverrfagleg samansette team som skal gi integrert og langvarig behandling til ungdom med store og samansette behov. Brukar- eller erfaringskompetanse skal vere involvert i organisering, oppstart og drift av FACT Ung. Målgruppa er unge i alderen 12 til 25 år, med alvorleg funksjonssvikt på fleire område i livet, samansette vanskar og behov for langvarig og integrert innsats frå fleire tenester. Les meir på nettsida til NAPHA.
Kontaktpersoner
-
Mona Fauskanger
Tlf: 55 57 22 03 -
Siri Mæland
Tlf: 55 57 22 00