Korleis sikre god lokal implementering av CRPD?

Den internasjonale dagen for FN-konvensjonen om rettane til personar med nedsett funksjonsevne (CRPD) blir markert med nasjonal konferanse 4. desember. Du kan delta fysisk eller digitalt.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 03.11.2023

Tema for konferansen er korleis vi kan sikre god lokal implementering av FN-konvensjonen. Målet med konferansen er å auke merksemda og kompetansen om CRPD i kommunane – der konvensjonen blir gjennomført i praksis.

Korleis kommunane planlegg, legg til rette og tilbyr tenestene sine, er avgjerande for om menneske med funksjonsnedsettingar har moglegheit til å delta i samfunnet på lik linje med andre. Konferansen skal inspirere og engasjere deltakarane til å bli kjent med konvensjonen, og bidra til å gjennomføre den på lokalt nivå.

Markeringa er gratis, og blir strøyma. Konferansen går føre seg frå 10.00 til 13.00. Påmeldingsfrist er 24. november.

Meir informasjon, program og påmelding (både til fysisk og digital deltaking), finn du på heimesida til Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet.

Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet (Bufdir) har også ei webinarrekkje om FN-konvensjonen. Du kan sjå opptak på heimesida til Bufdir.

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.