Informasjon om sesongens influensavaksinasjon 2021/2022
Kommunane må sikre at alle innbyggjarar i risikogruppene får tilbod om influensavaksine, som i år er gratis for alle i målgruppene.
Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.
Kommunen må ta ei aktiv rolle for å sikre at personar i risikogruppene får tilbod om vaksine, og organisere vaksinasjonen på ein slik måte at ein oppnår høgast mogeleg vaksinasjonsdekning.
Kommunen sitt tilbod skal vere forståeleg og tilgjengeleg for alle, uavhengig av fysiske, kognitive og økonomiske føresetnader. Det nasjonale målet for influensavaksinasjonsprogrammet er ei dekning på 75 prosent i alle målgruppene. Kommunane må sørge for å bestille nok vaksine til å dekke sine målgrupper.
Les om alle forventingane i brevet frå Folkehelseinstituttet.
Kontaktpersoner
-
Linda Svori
Tlf: 57 64 31 61 / 93 28 64 42