Informasjon til helsepersonell om handtering av pasient med mistenkt koronavirus
Folkehelseinstituttet har saman med Helsedirektoratet og CBRNE-senteret laga eit informasjonsskriv med konkrete råd til både kommunehelsetenesta og spesialisthelsetenesta.
Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.
Publisert 31.01.2020
Det gjeld både smitteverntiltak, prøvetaking, samhandling og varsling.
Informasjonen er sendt til kommuneoverlegane, smittevernlegane og helseføretaka. Les meir i skrivet som du finn i høgremargen.
Vi oppmodar helsepersonell om å følgje oppdatert informasjon på Folkehelseinstituttet og på Helsedirektoratet.
Merk at råd om smittevern, diagnostikk og behandling kan bli endra raskt.