Smittevernplanane i Vestland er tilstrekkeleg oppdaterte
Kommunane i Vestland har fungerande smittevernplanar. Det viser oversikta vi har laga etter at koronaviruset braut ut i Kina. Vi oppmodar helsetenestene om å følgje med på nettsidene til Folkehelseinstituttet for oppdaterte råd.
Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.
Vi fekk i oppdrag frå Helsedirektoratet 31. januar om å få oversikt over smittevernplanar i kommunane, og eventuelt støtte kommunane viss det er trong for det. I gjennomgangen vi no har gjort, fann vi følgjande:
- Vi har hatt nokså god oversikt over status for smittevernplanane i tidlegare Hordaland, men noko dårlegare for kommunane i Sogn og Fjordane.
- Vi kontakta kommunane der vi ikkje hadde oversikt over status, og bad dei sende informasjon om dei har ein plan, i tillegg til når den var revidert sist.
- Vi har hatt møte med dei ni nye (samanslåtte) kommunar og fekk dei til å informere om status hjå seg.
- Vi har hatt dialog med kommuneoverlegen i Bergen og fått opplysningar om status for smittevernplan. Bergen kommune har mellom anna oppretta ein 24/7 samfunnsmedisinsk/smittevern-vakttelefon.
Med bakgrunn i dette så konkluderer vi med at alle kommunane i Vestland har ein tilstrekkeleg oppdatert og fungerande smittevernplan.
Fakta, råd og tiltak om koronaviruset
Vi oppmodar helsetenestene om å følgje med på nettsidene til Folkehelseinstituttet for oppdaterte råd. FHI har laga ein eigen rettleiar om 2019-nCoV som helsetenestene bør vere merksame på. Det er òg råd til innbyggjarane og andre yrkesgrupper som helsetenesta og fylkesmenn bør kjenne til.
Her finn du temasida om koronaviruset på Folkehelseinstituttet.
Sjekk oppdateringar
Helsedirektoratet oppmodar helsepersonell til å sjekke oppdateringar som kjem på Folkehelseinstituttet sine nettsider med aktuelt fagstoff om viruset.
Det er utarbeidd særskilte råd til AMK-sentralar og kommuneoverlegar i flyplasskommunar.
Helsedirektoratet minner om at kommunane har ansvar for å formidle vidare informasjon frå helsemyndigheitene til private helseaktørar, bedriftshelsetenester og helsetenester på norsk sokkel.