Vi startar verneprosess for Lykkja naturreservat i Årdal

Høringsfrist:
1. mai 2021 23:59
Alm er eit tre som står på den norske rødlista, det betyr at den er truga. Almen er levestad for mange artar av insekt, lav og sopp, slik ein ser spor av på dette gamle, døande treet i Lykkja. Det er meir liv i eit dødt tre enn eit levande, men vi treng tre i alle livsfasar for å sikre naturmangfaldet. Seks av ti landlevande artar i Noreg treng skog for å overleve.
Alm er eit tre som står på den norske rødlista, det betyr at den er truga. Almen er levestad for mange artar av insekt, lav og sopp, slik ein ser spor av på dette gamle, døande treet i Lykkja. Det er meir liv i eit dødt tre enn eit levande, men vi treng tre i alle livsfasar for å sikre naturmangfaldet. Seks av ti landlevande artar i Noreg treng skog for å overleve. Foto: Statsforvaltaren i Vestland/ Maria Knagenhjelm.

Etter dialog med grunneigarane melder vi formell oppstart av skogvernprosess for Lykkja i Årdal kommune. Du er velkommen til å sende innspel til oppstartsmeldinga innan 1. mai 2021. 

Publisert 09.04.2021

Vi ønskjer med dette å informere om prosessen som no startar opp etter naturmangfaldlova, og for å innleie til medverknad og innspel frå aktuelle partar.

Lykkja er lokalisert på gards- og bruksnummer 11/5, 11/1, 11/4 og 11/3 i Årdal kommune. Delar av arealet er eigd av ein privat grunneigar, delar er eigd av kommunen. Grunneigarane har underskrive tilbod om vern av Lykkja som naturreservat. Vi har takka nei til delar av tilbodsområdet på gards- og bruksnummer 11/1 mot Moakamben, då vi ikkje fann verneverdiar der. Til saman utgjer tilbodet til vern frå grunneigarane om lag 1900 dekar, og Statsforvaltaren melder oppstart av verneprosess for eit areal med storleik på 1685 dekar.

I nedre delar av tilbodsområdet Lykkja er det gråor-heggeskog. I denne naturtypen er det eit rikt fugleliv, og det er registrert like mange fugl i gråor-heggeskog som du finn i tropisk regnskog! Luftfuktigheten er gjerne høg i slik skog, og skogbotnen er ofte frodig. Gråor slepp grøne blad om hausten, noko som bidreg til meir nitrogen i skogbotnen.
I nedre delar av tilbodsområdet Lykkja er det gråor-heggeskog. I denne naturtypen er det eit rikt fugleliv, og det er registrert like mange fugl i gråor-heggeskog som du finn i tropisk regnskog! Luftfuktigheten er gjerne høg i slik skog, og skogbotnen er ofte frodig. Gråor slepp grøne blad om hausten, noko som bidreg til meir nitrogen i skogbotnen. Foto: Statsforvaltaren i Vestland/ Maria Knagenhjelm.

Kartlegging

Lykkja (registrert under namnet Svalheim) vart første gang registrert i Naturbase som naturtypen rik edellauvskog med verdi B (viktig) av Siri W. Bøtun i 2002. Etter at grunneigar på gards- og bruksnummer 11/5 tilbydde staten arealet til skogvern vart eigedommen kartlagt meir grundig. Det var Miljøfaglig Utredning (MFU) som kartla dåverande tilbodsareal på gards- og bruksnummer 11/5 i 2019 etter prosedyren for frivillig vern. Etter at MFU avslutta si kartlegging har også kommunen tilbydd areal til vern. Arealet er om lag tredobla i storleik etter at kommunen også signerte tilbod om skogvern til staten. Vi vurderte då at det ikkje var naudsynt med ei ny biologisk kartlegging av omsyn til progresjon i saka, statleg ressursbruk, samt at vi var på synfaring i området og vurderte det kommunale arealet nordover frå 11/5 til å ha liknande eigenskapar som arealet MFU utførte kartlegging av.

Bergfrue trivst godt i Lykkja. Den vart utpeikt til Noregs nasjonalplante i 1935, ein status den seinare måtte dele med røsslyngen. Bergfrua har mange namn, mellom anna fjelldronning. Sidan leveområdet til bergfrua i Europa i all hovudsak er i Noreg har vi eit spesielt ansvar for denne arten. Den er ikkje truga.
Bergfrue trivst godt i Lykkja. Den vart utpeikt til Noregs nasjonalplante i 1935, ein status den seinare måtte dele med røsslyngen. Bergfrua har mange namn, mellom anna fjelldronning. Sidan leveområdet til bergfrua i Europa i all hovudsak er i Noreg har vi eit spesielt ansvar for denne arten. Den er ikkje truga. Foto: Statsforvaltaren i Vestland/ Maria Knagenhjelm.

Lykkja har verneverdiar i boreal lauvskog og rik edellauvskog

I den første kartlegginga i 2002 av Siri W. Bøthun fekk området verdivurdering B (viktig). Området er i hovudsak bratt og består av ein del lausmassar og skredmark. Det er også små bekkedrag og eit fuktig areal i nedre delar som består av gråor-heggeskog. I edellauvskogen er det frodig med lågurt- og høgstaudepreg. Det er registrert fleire interessante artar knytt til edellauvskogen, mellom anna seks raudlista artar, der dei fleste treng gamal alm for å overleve. Det registrerte kjerneområdet i Lykkja inneheld den varmekjære skogtypen gråor-almeskog, som inngår i den raudlista naturtypen frisk rik edellauvskog. Gråor-almeskog er ein mangelnaturtype og er dårleg dekt av vern i Sogn og Fjordane. Tilbodseigedommen 11/5 oppnår i MFU sin rapport ein høg mangeloppfylling på naturtypen gråor-almeskog. Denne mangeloppfyllinga oppnår endå høgare verdi når området no er utvida.

Området har lite høgproduktiv skog og låg bonitet. Området fekk berre éin av tre stjerner i vurderinga frå MFU, m.a. grunna lite areal (avgrensa til berre 217 dekar) og middels arrondering. MFU skriv også at det blir en unaturleg grense mot varmekjær skog som fortsetter videre østover, innover i Utladalen. Dette slår negativt ut på samlet areal med verdifulle naturtyper. Statsforvaltaren har difor jobba for å utbetre storleik, arrondering og naturtypeavgrensinga. Eigedommen til Årdal kommune innover mot Utladalen bidreg til å betre vurderinga betydeleg. Framlegget til verneområde er no på 1685 dekar. MFU skriv at det er eit potensiale for auke i naturkvalitetar over tid, særleg ved å skånsamt gjenoppta styving av gamle almetre og sørge for rekruttering av ny alm.

Denne gamle almen bur i området som no er tilbydd til frivillig skogvern. Det er påvist fire raudlisteartar i Lykkja som treng gamal alm for å overleve. Alma er ein varmekjær art som ikkje trivst kor som helst i fylket vårt.
Denne gamle almen bur i området som no er tilbydd til frivillig skogvern. Det er påvist fire raudlisteartar i Lykkja som treng gamal alm for å overleve. Alma er ein varmekjær art som ikkje trivst kor som helst i fylket vårt. Foto: Statsforvaltaren i Vestland/ Maria Knagenhjelm.

Lokaliteten er ein del av eit større, typisk edellauvskogsmiljø i fjordliane og ligg eit steinkast frå Utladalen landskapsvernområde. Det er ikkje registrert framande artar. Statsforvaltaren vurderer Lykkja til å ha vernekvalitetar på nivå B (regional verdi med 2, kanskje 3 stjerner). Ved å verne gråor-almeskog oppnår vi høg oppfylling på mangelnaturtypar. Området vil også kunne tene som referanse- og forskingsområde for påverknaden av fluor- og luftureininga frå industrien i Årdal.

Mål om 10 % vern av skogen i Vestland

Det er ei nasjonal målsetjing om redusere tap av naturmangfald, og som eit ledd i dette har regjeringa ei langsiktig målsetjing om at om lag 10 prosent av skogen i Norge skal bli verna. Med om lag 3 prosent av skogen i fylket verna i 2020, er vi enno langt unna dette målet i Vestland. Lykkja vil kunne være eit lite skritt nærmare målet om å betre vernet av naturtypen rik edellauvskog i Vestland.

Dødsårsaken til eit tre dør kan avgjere kva slags artar som busett seg der. Sjeldne, truga og sårbare artar treng ulike treslag, tre med ulik dødsårsak, liggjande eller ståande tre eller eit utval av kor mykje sol og skugge det er på plassen. I Lykkja er det døde tre i alle nedbrytingsfasar, noko som gjev godt grunnlag for liv for insekt, mose, lav og virveldyr.
Dødsårsaken til eit tre dør kan avgjere kva slags artar som busett seg der. Sjeldne, truga og sårbare artar treng ulike treslag, tre med ulik dødsårsak, liggjande eller ståande tre eller eit utval av kor mykje sol og skugge det er på plassen. I Lykkja er det døde tre i alle nedbrytingsfasar, noko som gjev godt grunnlag for liv for insekt, mose, lav og virveldyr. Foto: Statsforvaltaren i Vestland/ Maria Knagenhjelm.

Kva betyr det at eit område vert verna? 

For å ta vare på store og sårbare naturkvalitetar i eit område er det nødvendig med ei verneform som sikrar mot inngrep. Det er difor ønskjeleg å verne om området på Lykkja som naturreservat. Ei slik verneform vil i utgangspunktet forby aktivitetar og nye anlegg som kan skade verneverdiane i naturreservatet. Vernet vil òg føre til visse restriksjonar på bruk av området, både når det gjeld hogst og andre inngrep. 

Grunneigar vil framleis ha rett til jakt og fangst, og ålmenta vil framleis kunne nytte området til enkelt friluftsliv, plukking av bær og matsopp. Turstiar som er i området skal kunne haldast ved like. I utkastet til verneforskrift som ligg ved dette dokumentet kan ein lese utkast til vernereglar.

Handsaming i Årdal kommune

I sakspapira som kommunestyret i Årdal fekk til drøfting og politisk vedtak den 25. mars 2021 vurderer skogbrukssjefen i kommunen at den ståande skogen på deira eigedom har liten verdi i dag. Arealet har potensielt liten lønsemd for skogsdrift, samt at området grunna jord/flaumskred og steinsprang gjev liten interesse for utbygging. I vedtaket frå kommunestyret står det at Årdal kommune krev at styret for Jotunheimen nasjonalpark og Utladalen landskapsvernområde vert forvaltningsstyresmakt for området. Statsforvaltaren kan tilrå dette. Miljødirektoratet har delegert styremakt frå Klima- og miljødepartementet til å oppnemne forvaltningsstyresmakt.

Innspel og vidare framdrift 

Vi ønskjer innspel på verneforslaget slik at prosessen og tema kan bli så opplyst som mogleg. Når innspel til denne oppstartsmeldinga er vurdert, vil vi sende eit meir detaljert forslag til vern på høyring.

Send innspel til oppstartsmeldinga med brev til Statsforvaltaren i Vestland, Njøsavegen 2, 6863 Leikanger, eller per e-post til sfvlpost@statsforvalteren.no innan 1. mai 2021.

Oppstartsbrevet, kartavgrensing og verneforskrift finn du til høgre. Vi har òg ei eiga temaside om frivillig skogvern med generell informasjon om ordninga.

I disse borehola laga av insekt legg dei egga sine. Så murar dei holet att med litt puss for å verge egg og larver frå å bli spist av andre. Ein del insekt har til og med yngelpleie, slik at dei legg att ei matpakke før dei murar att holet. Slik kan larven som veks til få ein god start på livet i den gamle skogen.
I disse borehola laga av insekt legg dei egga sine. Så murar dei holet att med litt puss for å verge egg og larver frå å bli spist av andre. Ein del insekt har til og med yngelpleie, slik at dei legg att ei matpakke før dei murar att holet. Slik kan larven som veks til få ein god start på livet i den gamle skogen. Foto: Statsforvaltaren i Vestland/ Maria Knagenhjelm.