Høyring av frivillig skogvern for Lykkja i Årdal
- Høringsfrist:
- 1. juli 2021 23:59
Som ein del av arbeidet med frivillig skogvern sender vi framlegg om vern av Lykkja naturreservat på høyring. Du er velkommen til å sende inn uttale innan 1. juli 2021.
Tilbodsområdet på Lykkja er lokalisert gards- og bruksnummer 11/5, 11/1, 11/4 og 11/3 i Årdal kommune. Arealet er eigd av ein privat grunneigarar og Årdal kommune. Dei har underskrive tilbod om vern av Lykkja som naturreservat etter prosedyren for frivillig skogvern. Høyringa gjeld eit areal med storleik på 1685 dekar skog. Høyringsdokument og framlegg til verneforskrift og vernekart ligg til høgre.
Bakgrunn
Gjennom behandlinga av stortingsmeldinga Natur for livet – Norsk handlingsplan for naturmangfald Meld. St. 14 (2015-2016), vedtok Stortinget ei opptrapping av skogvernet i Noreg til 10 prosent av skogarealet. I 2020 var omlag 5,0 prosent av skogarealet og ca. 3,8 prosent av den produktive skogen verna i Noreg. Til årsskiftet 2021 runda vi 3,0 prosent skogvern i Vestland.
Det er eit nasjonalt miljømål at eit representativt utval av naturtypane i skog blir verna for kommande generasjonar. Vern av skog er viktig for å nå fleire av dei nasjonale miljømåla vedtekne av Stortinget.
Auka skogvern er framheva å ha stor positiv effekt på truga artar i skog, og Regjeringa vil vidareføre det langsiktige arbeidet med skogvern. Dette skal skje ved vern av offentleg eigd skog og ved frivillig vern av privateigd skog. Frivillig vern inneber at skogeigarane tilbyr staten vern av eigen skog. Det har vore satt av nær ein halv milliard per år dei to siste åra til skogvern over statsbudsjettet, noko som syner at dette blir høgt prioritert av Stortinget.
Frivillig skogvern
Dei siste åra har frivillig skogvern vore den mest aktuelle verneforma. Som ordet seier, er dette eit vern der staten er heilt avhengig av at grunneigaren sjølv ønskjer dette. Grunneigarane får ein skattefri erstatning frå staten for å avstå frå hogst og andre aktivitetar og inngrep. Det er AT Skog som har framforhandla vernet på Lykkja på vegner av grunneigarane, og som ser til at interessene til grunneigarane blir ivareteke.
Artsdatabanken som er den nasjonale kunnskapsinstitusjonen for naturmangfald, reknar med at om lag 60 prosent av alle artane på fastlandet i Noreg har skog som levestad. Totalt 90 prosent av dei trua raudlisteartane vert negativt påverka av menneskelege arealendringar, og fysiske inngrep som fylgje av utbygging og skogbruk er blant viktige faktorar. Difor er det å ta vare på levestadane til artsmangfald i skog blant det viktigaste tiltaket vi kan gjere for å sikre Vestlandsnaturen for framtida.
Verneverdiar i Lykkja
Lokaliteten er ein del av eit større, typisk edellauvskogsmiljø i fjordliane og ligg eit steinkast frå Utladalen landskapsvernområde. Området er i hovudsak bratt og består av ein del lausmassar og skredmark. Det er også små bekkedrag og eit fuktig areal i nedre delar som består av gråor-heggeskog. I edellauvskogen er det frodig med lågurt- og høgstaudepreg. Det er registrert fleire interessante artar knytt til edellauvskogen, mellom anna seks raudlista artar, der dei fleste treng gamal alm for å overleve.
Det registrerte kjerneområdet i Lykkja inneheld den varmekjære skogtypen gråor-almeskog, som inngår i den raudlista naturtypen frisk rik edellauvskog. Gråor-almeskog er ein mangelnaturtype og er dårleg dekt av vern i Vestland. Tilbodseigedommen 11/5 oppnår i Miljøfaglig Utredning (MFU) sin rapport ein høg mangeloppfylling på naturtypen gråor-almeskog. Denne mangeloppfyllinga oppnår endå høgare verdi når området no er utvida.
Området har lite høgproduktiv skog og låg bonitet. I den første kartlegginga i 2002 av Siri W. Bøthun fekk området verdivurdering B (viktig). Området fekk berre éin av tre stjerner i vurderinga frå MFU, m.a. grunna lite areal (avgrensa til berre 217 dekar) og middels arrondering. MFU skriv også at det blir en unaturleg grense mot varmekjær skog som fortsetter videre østover, innover i Utladalen. Dette slår negativt ut på samlet areal med verdifulle naturtyper. Statsforvaltaren har difor jobba for å utbetre storleik, arrondering og naturtypeavgrensinga. Eigedommen eigd av Årdal kommune innover mot Utladalen bidreg til å betre arronderinga og dermed auke verdien betydeleg. Framlegget til verneområde er no på 1685 dekar. MFU skriv at det er eit potensiale for auke i naturkvalitetar over tid, særleg ved å skånsamt gjenoppta styving av gamle almetre og sørge for rekruttering av ny alm.
Det er ikkje registrert framande artar. Statsforvaltaren vurderer Lykkja til å ha vernekvalitetar på nivå B (regional verdi med 2, kanskje 3 stjerner). Ved å verne gråor-almeskog oppnår vi høg oppfylling på mangelnaturtypar. Området vil også kunne tene som referanse- og forskingsområde for påverknaden av fluor- og luftureininga frå industrien i Årdal.
Heimelsgrunnlag
Vern av spesielle område eller førekomstar skjer i medhald av naturmangfaldlova jf. §§ 33-51. I naturmangfaldlova er det gjeve heimel for vedtak av ulike vernekategoriar. Vernekategorien naturreservat, som er det strengaste vernet etter naturmangfaldlova, blir foreslått brukt for Lykkja.
Konsekvensar av vernet
For å ta vare på dei sårbare og store naturkvalitetane i området er det nødvendig med ei verneform som sikrar området mot inngrep. Det er difor ønskjeleg å verne om områda som naturreservat etter naturmangfaldlova § 37. Ei slik verneform vil i utgangspunktet forby aktivitetar og nye anlegg som kan skade verneverdiane i naturreservatet. Vernet vil føre til visse restriksjonar på bruk av området, både når det gjeld hogst og andre inngrep. Grunneigarane vil framleis ha rett til jakt og fiske og ålmenta generelt for sanking av matsopp og bær. Turstiar som er i området skal også kunne haldast ved like.
Brukarinteresser
Forskrifta opnar for skånsam beiting med beitedyr, samt utplassering av saltstein i samband med dyrehaldet. Forskrifta har også ei opning for å kunne vedlikehalde gjerde, og kunne søkje om oppsetting av nye gjerde dersom det er aktuelt i samband med husdyrhald. Dersom beitedyr blir sjuke eller skadde kan ein få frakta ut desse frå naturreservatet med motoriserte hjelpemiddel dersom det trengst. Det er ingen skogsbil- eller traktorvegar, og størstedelen av skogen er vanskeleg tilgjengeleg dersom skogbruk hadde vore eit aktuelt alternativ for grunneigarane.
Det er ikkje registrert kulturminne i området i offentlege databasar, men det utelukkar ikkje at det kan være kulturminne i området. Desse vil kunne bli sett i stand i samråd med kulturminnemynde. Det er ikkje reindrift eller samiske interesser i området.
Det vil være mogeleg å drive jakt og frakte ut jaktutbyte med beltegåande terrengkøyretøy. Det meste av området er bratt og utilgjengeleg, men det er tursti vest frå garden Lykkja og opp mot Moakamben. Det er også merkt sti mot Åsen som kjem innom det føreslegne naturreservatet i sør. Disse er avmerkt på vernekartet. Det er opning i verneforskrifta for å brenne bål med nedfallskvist eller med medbragt ved.
Det er observert ein del beiteskadar frå hjort i dei mest tilgjengelege delane av Lykkja, og det vart observert lite forynging av prefererte treslag i desse areala.
Når det gjeld namn på verneområdet foreslo vi Lykkja etter garden som opphavleg låg sentralt i området før kommunen sitt areal vart inkludert. Grunneigarane har støtta namneforslaget, og Språkrådet kom ikkje med alternative tilrådingar i oppstartsfasen.
Innspel til oppstartsmeldinga
Vi meldte offisiell start av vernearbeidet den 9. april 2021. Innan fristen den 1. mai 2021 fekk vi 5 innspel. Ingen av innspela er kritiske til opprettinga av Lykkja som naturreservat. I høyringsbrevet til høgre ligg eit samandrag av alle innspela i oppstartsrunden.
Innspel og vidare framdrift
Det er ønskjeleg med høyringsinnspel på det frivillige skogvernet slik at prosessen og tema kan bli så opplyst som mogleg. Etter at innspel på denne høyringa føreligg, vil Statsforvaltaren vurdere innspela og ta endeleg stilling i si tilråding av vern til Miljødirektoratet. Vi er usikre på tidspunktet på vernevedtak.
Du er velkomen til å sende innspel med brev til Statsforvaltaren ved Miljøavdelinga, Njøsavegen 2, 6863 Leikanger, eller per e-post til sfvlpost@statsforvalteren.no
Frist for å kome med innspel er 1. jui 2021.
I adresselista har vi forsøkt å få med alle dei aktuelle høyringspartane vi veit om. Dersom de finn feil eller veit om fleire partar som de meiner burde ha fått brevet ber vi om tilbakemelding om dette.
- Høringsfrist:
- 1. juli 2021 23:59