Vi startar arbeidet med marint vern av Sognefjorden
- Høringsfrist:
- 15. mars 2023 23:59
Vi melder med dette oppstart av verneprosess for kandidatområdet Sognefjorden, verdas djupaste og Noregs lengste fjord. Du er velkomen til å sende innspel til oppstartsmeldinga innan fristen 15. mars.
Vern av natur for kommande generasjonar
Norske havområde er seks gonger større enn landområda våre, og er rike og mangfaldige. Det er eit rikt plante- og dyreliv under overflata, og ressursane der er viktige for folk som lever i fjordane våre og langs kysten. Miljøtilstanden er god, men dei marine områda blir påverka i varierande grad av menneskeleg aktivitet.
Det ligg vesentlege nasjonale og internasjonale forpliktingar til grunn for arbeidet med marint vern. FN-konvensjonen om biologisk mangfald frå 1992 har som mål å ta vare på naturmangfaldet og redusere tapet av artar og naturtypar. Konvensjonen forplikta partane til å bidra til å verne minst 10 prosent av sjøareala våre innan 2020. I dag er kring 5 % av sjøareala i Noreg verna.
Vern av marine område er eit ledd i arbeidet med å ta vare på eit representativt utval av norsk natur for kommande generasjonar. Vern bidreg også til å oppfylle nasjonale mål om å ta vare på økosystem, artar og naturtypar, og våre internasjonale forpliktingar.
Eit eineståande geologisk fenomen
Sognefjorden er verdas djupaste og lengste isfrie fjord. Fjorden er eit eineståande geologisk fenomen, og strekk seg nesten halvveges frå kysten og inn til grensa mot Sverige.
Utgangspunktet for vern av Sognefjorden er forslaget frå Rådgivende utvalg for marin verneplan (Skjoldal m.fl. 2003, 2004) om å verne 36 sjøområde i Noreg. I den førebelse tilrådinga til marin verneplan står følgjande om Sognefjorden, og kvifor den bør bli prioritert på lista over dei viktigaste marine områda i Noreg:
Sognefjorden er et enestående naturfenomen som verdens dypeste og vår lengste fjord. Den er formet av gravende isbreer med påfølgende sedimentasjon som har gitt en jevn og flat bunn bestående av leire og slam i den dype hovedrenna. Fjordsidene er bratte fjellskråninger med vertikal forskjell på mer enn 2000 m fra fjordbunnen og opp til fjelltoppene rundt fjorden. Sidefjordene er relativt grunne og munner ut som hengende U-daler høyt oppe i fjordsidene. Dyrelivet i Sognefjorden er til dels spesielt med lokale sildestammer og grunne forekomster av dypvannsarter i noen av sidefjordene. Verneverdiene er knyttet til den geologiske utformingen av fjorden med de spesielle bunnforholdene og tilhørende dyreliv. De knytter seg også til vannmassene i dypbassenget med de spesielle miljøforholdene og biologiske forekomstene her.
Ein kombinasjon av vern og bruk er mogeleg
Kandidatområda for marint vern blei valt ut for å dekke variasjonsbreidda av marine naturtypar og sikre representative, særeigne, sårbare og truga marine naturverdiar. Utvalet tilrådde ei verneform der ein beskyttar det undersjøiske landskapet og artane der, samstundes som ein tillèt næringsverksemd som ikkje er i strid med verneføremålet. Utvalet kom fram til at ein kombinasjon av vern og bruk er mogeleg for dei fleste områda.
Startskotet for verneprosessen er gått, og vi ønskjer innspel på planprosessen
Vi hos Statsforvaltaren gjennomfører det praktiske arbeidet med verneplanen. Dette omfattar oppstartsmelding med utgreiingsprogram, utarbeiding og høyring av verneforslag med konsekvensutgreiing (KU), og til slutt oversending med tilråding om marint vern av Sognefjorden til Miljødirektoratet. Frå Miljødirektoratet går ei tilråding til Klima- og miljødepartementet, som så legg dette fram for kongen i statsråd.
Som ledd i prosessen skal vi lage ei god og grundig konsekvensutgreiing (KU). Som grunnlag for ei slik KU skal eit utgreiingsprogram ligge i botn, som då set retninga for kva KU'en skal innehalde, korleis ein kan medverke og kva framdriftsplan som er vurdert. Utgreiingsprogrammet kjem med framlegg til avgrensing, og belyser kva problemstillingar og utgreiingar som trengst for å få eit godt kunnskapsgrunnlag og sikre medverknad og framdrift i prosessen.
Vi foreslår m.a. følgjande tema og problemstillingar for vidare utgreiing i ei KU:
- Naturmiljø
- Kulturarv
- Rekreasjon og friluftsliv
- Landskapsbilete og verdsarv
- Naturressursar
- Akvakultur og havbeite
- Andre tema og tiltak, som t.d. reiseliv, industri, forsvaret, samferdsel, disponering av overskotsmassar, anleggstiltak, m.m.
Vi ber om tilbakemeldingar på utkastet til utgreiingsprogram som ligg tilgjengeleg til høgre i denne artikkelen. Det er Miljødirektoratet som fastset programmet etter høyringa.
Ei eiga forskrift med verneføremål for Sognefjorden
Eit marint verneområde i Sognefjorden vil bli forankra i ei eiga forskrift. Mange vernereglar vil vere relativt like i marine verneområde, med unntak av føremålet, som varierer frå område til område. Døme på verneforskrifter frå andre marine område kan du finne ved å følgje disse lenkjene:
- Lurefjorden og Lindåsosane marine verneområde
- Kaldvågfjorden og Innhavet marine verneområde
- Rauerfjorden marine verneområde
- Lopphavet marine verneområde
I eit verneområde i sjø må ingen gjere noko som forringar verneverdiane nemnt i verneføremålet. Eit verneområde i sjø kan vernast mot all verksemd, forureining, tiltak og bruk, innafor dei avgrensingane som føl av folkeretten. Restriksjonar på aktivitet skal stå i forhold til verneføremålet. Det kan bli soner i verneområdet med ulike restriksjonsnivå. Det skal heller ikkje setjast i gang med store tiltak i sjø etter at oppstartsmeldinga er sendt ut, jf. naturmangfaldlova § 44. Les meir i oppstartsmeldinga i høgrefana.
Korleis kan du og eg medverke i verneplanprosessen?
Medverknad er ofte forstått som den retten som enkeltpersonar og grupper har til å kunne delta i, og påverke offentlege utgreiings- og vedtaksprosessar. Det betyr også at folk i eit samfunn er med på å planlegge si eiga framtid. Medverknad i planprosessen for Sognefjorden har som mål å:
- sikre gode løysingar som tar omsyn til ulike behov
- legge til rette for at alle relevante og interesserte aktørar kan komme til orde
- fremje engasjement
- framskaffe eit godt kunnskapsgrunnlag og dermed også eit godt grunnlag å basere eit eventuelt framtidig vernevedtak på.
Prosessen legg opp til to opne høyringsfasar der alle har høve til å gje innspel og merknadar:
Oppstart/meldingsfase
Vi melder oppstart av verneplanarbeidet med forslag til utgreiingsprogram. Oppstart blir annonsert i aviser, på nett og med brev til kommunar og kjende interessentar. Frist for innspel skal vere god nok til å kunne leggje til rette for politisk handsaming i kommunane. Det blir arrangert ope informasjonsmøte i løpet av perioden i kommunar der det er interesse for det. Det er aktuelt å orientere politiske organ i kommunane der det er ønskje om det.
Høyring av verneframlegg
Vi legg eit forslag til vern med kartavgrensing, verneføresegn og høyringsdokument/konsekvensutgreiing ut til offentleg ettersyn. Høyringa blir annonsert i aviser, på nett og med brev til kommunar og kjende interessentar. Frist for innspel er minimum to månader. Det blir arrangert ope informasjonsmøte i løpet av høyringsperioden der det er stor interesse, samt orienteringar i kommunane sine politiske organ.
Referansegrupper, møte og andre arenaer for medverknad
I tillegg legg vi til rette for å invitere til deltaking i tre ulike referansegrupper, ein for lokale myndigheiter, ein for akvakultur og sjøfart, og ein for kultur, naturmangfald og reiseliv. Les meir om disse gruppene, og andre mogelegheiter for å medverke, i utgreiingsprogrammet.
- Høringsfrist:
- 15. mars 2023 23:59
Kontaktpersoner
-
Maria Knagenhjelm
Tlf: 57 64 31 37 / 93 66 42 56 -
Stein Byrkjeland
Tlf: 55 57 21 14 / 90 09 36 15 -
Eline Orheim
Tlf: 57 64 30 12 / 41 56 38 47 -
Kjell Kvingedal
Tlf: 55 57 23 12 / 97 50 40 50