Statens vegvesen søkjer om løyve til utslepp i samband med E 134 Røldal-Seljestad
- Høringsfrist:
- 18. august 2023 23:59
Statens vegvesen søkjer om løyve etter forureiningslova til utslepp i anleggsfasen i samband med E134 Røldal-Seljestad. Søknaden omfattar byggetrinn 1, der det skal drivast eit løp med 2 felt av Røldalstunnelen mellom Liamyrane og Seljestad.
Prosjektet omfattar;
• 1,2 km veg i dagen på Seljestad
• Røldalstunnelen på 12,7 km
• 1,7 km veg i dagen på Liamyrane
Røldalstunnelen skal byggjast med tunnelprofil T9,5 (9,5 m bredde). Det er lagt til rette for at driving av tunnelen vil skje frå Hesjabakk i vest og Liamyrane i aust samstundes.
Tunnelmassane som er planlagt sprengd ut er på ca. 1 100 000 fm3 (fm3 = faste massar). For byggetrinn 1 skal massane gå til området på Liamyrane og nyttast i vegfyllingar og til oppbygging av område for kontroll- og vektplass for Statens vegvesen.
Ved Seljestad blir tunnelmassar frakta frå Hesjabakk og oppover dalen til regulert deponi like ved munningen til Seljestadtunnelen. Her er det regulert eit deponi for ca. 420 000 m³ steinmassar
Ved Hesjabakk skal det nyttast tunnelmassar for etablering av parkeringsplass vest for E134
Tunnelmassane kan innehalde restar av sprengstoff, plast, fiber frå tennsystem, sprøytebetong og olje. Avrenning frå massedeponi vil vere både mellombels og permanent, men avrenninga blir redusert med tida.
Anleggsvatn frå tunneldrivinga kan innehalde følgande forureining:
• Steinstøv og suspendert stoff
• Metall, inkl. krom(VI)
• PAH-sambindingar og olje
• Høg pH pga. bruk av sprøytebetong
• Restar av sprengstoff (nitrat og ammonium)
Offentleg ettersyn
Saksdokumenta, inkludert høyringsbrevet, finn du til høgre på denne nettsida.
Merknader til søknaden kan du sende til sfvlpost@statsforvalteren.no, eller til Statsforvaltaren i Vestland, Njøsavegen 2, 6863 Leikanger. Merk saka med saksnummer 2023/6328. Frist for å gje fråsegn er 18. august 2023.
Alle fråsegner blir registrerte i vår postjournal. Alle må difor skrive under med fullt namn.
- Høringsfrist:
- 18. august 2023 23:59