Søknad om utsleppsløyve for Wergeland Eigedom AS i Gulen kommune

Høringsfrist:
15. september 2023 23:59

Wergeland Eigedom AS skal etablere nytt næringsbygg i Halsvika i Gulen kommune og søkjer om løyve etter forureiningslova for utslepp av oljehaldig avløpsvatn frå oljeutskiljar. Avløpet skal koplast til eksisterande oljeutskiljar på området.

Publisert 16.08.2023

Bakgrunn

Wergeland Eigedom As skal etablere nytt næringsbygg i Halsvika. Næringsbygget skal nyttast til vedlikehald, reingjering , lagring og reparasjon av moringsutstyr frå offshorenæringa. Reinsing av utstyret skjer i lukka system, og berre areal for grovspyling/skyljing vil ha avløp til oljeutskiljar.

Avløp frå det nye næringsbygget skal koplast til eksisterande oljeutskiljar og utsleppsleidning på området. Resipient for utsleppet er Fensfjorden.

imagecdbfe.png

Kartet visar eksisterande utsleppsleidning og utsleppspunkt utanfor Båneset.

Offentleg ettersyn

Saksdokumenta finn du til høgre på denne nettsida.

Merknader til søknaden kan du sende på e-post til sfvlpost@statsforvalteren.no, eller per post til Statsforvaltaren i Vestland, Njøsavegen 2, 6863 Leikanger. Merk saka med referansenummer 2023/4692. Frist for å gje fråsegn er 15. september 2023.

Alle fråsegner vert registrere i vår postjournal. Alle må difor skrive under med fullt namn.