Søknad om løyve til Sogn Kabelgjenvinning AS
- Høringsfrist:
- 20. oktober 2023 23:59
Sogn Kabelgjenvinning AS søkjer om løyve etter forureiningslova til avfallsanlegg. Verksemda skal drive med granulering av kablar.
Verksemda søkjer om å ta imot 50 000 kg kablar til granulering per år. I tillegg søkjer dei om å ta imot inntil 100 000 kg metall. Det vil følge med EE-avfall på kablane som vil verte sortert ifrå og handtert som EE-avfall. Meir informasjon ligg i søknaden som ligg vedlagt til høgre.
Avfallsanlegget vil etablere seg i Lærdal kommune i leigde lokaler i Habnavegen 9.
Offentleg ettersyn
Saksdokumenta finn du til høgre på denne nettsida.
Merknader til søknaden kan du sende til sfvlpost@statsforvaltaren.no eller til Statsforvaltaren i Vestland, Njøsavegen 2, 6863 Leikanger.
Merk saka med referansenummer 2023/10936. Frist for å gje fråsegn er 13. oktober 2023.
Alle fråsegner vert registrerte i vår postjournal. Alle må difor skrive under med fullt namn.
- Høringsfrist:
- 20. oktober 2023 23:59