Søknad om løyve etter forureiningslova - gjenbruk massar i vegkropp Rv 555 nytt Sotrasamband
- Høringsfrist:
- 5. januar 2024 23:00
Statens vegvesen søkjer om å gjenbruke massar/sedimenter frå tømming av Mustadvatnet til terrengoppfylling i vegkropp/trafikkareal for etablering av Fv 555 Sotrasambandet
Om saka
Statens vegvesen ynskjer å gjenbruke mest mogleg av massane innanfor tiltaksområdet. Dette er i tråd med regjeringa sine mål, blant anna nedfelt i Nasjonal strategi for ein grøn, sirkulær økonomi, der ein ønskjer i større grad å gjenbruke massar, for å redusere behovet for uttak av nytt mineralsk råstoff. Statsforvaltaren har fått delegert mynde frå Miljødirektoratet til "permanent disponering av overskuddsmassar som oppstår i prosjektet". Dvs. dersom Statens vegvesen ynskjer å nyttegjere lett forureina massar i vegkropp, i støyvollar eller andre konstruksjonar som ikkje inngår i tiltaksplanen, kan Statsforvaltaren gi løyve til slik bruk, under føresetnad av at plasseringa av massane er risikovurdert.
Asplan Viak har i vedlagt rapport gjort greie for undersøkingar av massane og har rekna ut risiko for spreiing av miljøgifter frå omsøkt plassering av massane i vegkonstruksjon og finn ingen overskridingar av grenseverdiar for konsentrasjonar i grunnvatn eller resipient. Plasseringa av massane er vist i figuren ovanfor.
Offentleg ettersyn
Saksdokumenta, inkludert høyringsbrevet, finn du til høgre på denne nettsida.
Merknader til søknaden kan du sende til sfvlpost@statsforvalteren.no, eller til Statsforvaltaren i Vestland, Njøsavegen 2, 6863 Leikanger. Merk saka med saksnummer 2021/4176. Frist for å gje fråsegn er 5. januar 2024.
Alle fråsegner blir registrerte i vår postjournal. Alle må difor skrive under med fullt namn.
- Høringsfrist:
- 5. januar 2024 23:00
Kontaktpersoner
-
Magne Nesse
Tlf: 55 57 23 35