Statsforvaltaren tilrår at Kinn kommune held fram
Statsforvaltaren sluttar seg til vedtaket i Kinn kommunestyre, og tilrår at Kinn kommune held fram som eigen kommune.
Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.
Publisert 08.09.2022
Statsforvaltaren ser at det er både fordelar og ulemper knytt til ei eventuell deling av Kinn kommune. I ei slik sak er det viktig å ta omsyn til det øvste politiske organet i kommunen. Det var Kinn kommunestyre som tok initiativ til å utgreie konsekvensane av ei deling, og vedtaket i kommunestyret bør såleis vege tungt.
Kommunestyret har vedteke at Kinn kommune held fram som eigen kommune. Statsforvaltaren i Vestland sluttar seg til vedtaket, og tilrår at Kinn kommune ikkje blir delt og såleis held fram som eigen kommune.