Nettverkssamling for økonomisk rådgjeving
- Dato:
- 13. desember 2022 09:00 - 15:30
- Sted:
- Scandic Bergen City
- Arrangør:
- Statsforvaltaren i Vestland
- Målgruppe:
- Nav-tilsette som har økonomisk rådgjeving og gjeldsrådgjeving som si hovudoppgåve
- Påmeldingsfrist:
- 29. november 2022 15:30
Kva er Inkassoregisteret som kom i 2022? Korleis kan registeret hjelpe rådgjevarane i Nav å kartlegge inkassosaker effektivt og enkelt?
Lene Drange og Hallgeir Kvadsheim vil presentere Inkassoregisteret og forklare korleis rådgjevarane i Nav kan nytte dette verktøyet. Dei vil seie litt om korleis det fungerer i dag, og kva lisensabonnement inneber for skuldnar og for Nav, og kva det kostar. Dei vil i tillegg seie litt om utviklingsprosjekta dei er i gang med.
Statsforvaltaren vil på samlinga ogso høyre meir om dagens situasjon på området økonomisk rådgjeving ved Nav-kontora i fylket og korleis dei ulike regionale nettverksamlingane fungerer. I tillegg ønskjer vi å få tilbakemeldingar på innhaldet i Navet, og kursrekka med basiskurs, grunnkurs, vidaregåandekurs og ekspertkurs. Vi er interessert i å høyre om tidsbruk, innhald og framgangsmetode.
Til slutt ønskjer vi ogso å høyre kva kunnskap eller ferdigheiter de treng å lære meir om, og snakke om tilbodet som har vore i år og ønskjer og tankar om nettverket for 2023.
Vi legg til rette for diskusjonar og erfaringsdeling gjennom heile dagen.
Praktisk informasjon og påmelding
Samlinga er gratis. Statsforvaltaren bestiller og dekker overnattingsutgifter frå 12. – 13. desember for deltakarar som har lang reiseveg; tre timar eller meir. Meld frå om du treng overnatting i påmeldingsskjemaet. Samlinga og overnatting går føre seg på Hotel Scandic Bergen City.
Påmeldinga er bindande. Avmeldingsfristen er den same som påmeldingsfristen. Dersom du ikkje har moglegheit til å delta sjølv om du har meldt deg på, og dermed heller ikkje har behov for overnatting, ber vi om at du gir beskjed til Elisabeth Lund-Iversen innan fristen. Kontaktinformasjon finn du under fana "Kontaktpersonar".
Vi dekker ikkje reiseutgifter.
Dersom det blir fleire påmelde enn tal plassar vil vi prioritere slik at flest mogeleg Nav-kontor får delta.
Ved å melde deg på denne samlinga samtykker du til at vi kan dele namn, arbeidsstad og kontaktinformasjon med hotellet. Les meir om personvern og nettryggleik her.
- Dato:
- 13. desember 2022 09:00 - 15:30
- Sted:
- Scandic Bergen City
- Arrangør:
- Statsforvaltaren i Vestland
- Målgruppe:
- Nav-tilsette som har økonomisk rådgjeving og gjeldsrådgjeving som si hovudoppgåve
- Påmeldingsfrist:
- 29. november 2022 15:30