Naturmangfaldsveka 2023

Dato:
17. januar 2023 09:30 - 20. januar 2023 11:00
Sted:
Digitalt
Arrangør:
Statsforvaltaren i Vestland
Målgruppe:
Kommunar, både adminstrasjon og politikarar, lag, organisasjonar, rådgjevarar, med fleire
Påmeldingsfrist:
16. januar 2023 14:00
Velkommen til digital naturmangfaldsveke for kommunane i Vestland! Foto: Magnus Johan Steinsvåg.

Vi inviterar kommunane i Vestland til digitalt webinar om naturmangfald og praktisk forvaltning.

Publisert 21.12.2022

Det blir innleierar frå blant anna OsloMet, Kommunal- og distriktsdepartementet, Mijøfagleg Utredning, Høgskulen på Vestlandet, kommunar, Vestland fylkeskommune, PEFC Norge, Norce LFI og Statsforvaltaren i Vestland. Under ser du tema for dei ulike dagane, fullstendig program ligg i høgrefana. 

Klikk på lenkja til den enkelte dagen, og du kjem direkte inn i møtet. 

Program

Tysdag 17. januar 09.30 - 11.00: Arealbruk

Kan naturrekneskap styrke naturomsynet i kommunale planar?

Landskapet i eit fugleperspektiv.

Korleis ta omsyn til areal og naturmiljø i framtidig hyttebygging? Rettleiar om planlegging av fritidsbustader.

Onsdag 18. januar 09.30 - 11.00: Vassdrag, kantsone og flaum

Flaum og miljø i eit endra klima. Restaurering, flaumsikring og betra miljøtilstand.

Nydyrking langs vassdrag. 

Kantvegetasjon langs vassdrag.

Korleis bygge opp kantvegetasjon - Eksempel frå intensiv produksjonsskog.

Orientering om ny PEFC skogstandard.

Torsdag 19. januar 09.30 - 11.00: Naturmangfald, kartlegging og bruk av kartdata

Kartlegging etter miljødirektoratets instruks («NiN-kartlegging»). Kva informasjon kan ein hente ut av faktaarka? 

Naturbasen, Artskart, økologisk grunnkart. Korleis bruke dei ulike kartbasane, og korleis tolke den informasjonen som ligg der.

Framande artar i kommunal forvalting. 

Utfordringar og erfaringar frå  kommunane sitt arbeid med framande artar.

Fredag 20. januar 09.30 - 11.00: Artar og naturområde

Hjorteviltforvalting på Vestlandet og verknader på naturmangfaldet.

Om hjort og naturmangfald, og  kommunane si rolle i hjorteforvaltinga.

Naturrestaurering i tettbygde strøk – døme frå Bergen.

Vi stengjer for påmelding den 16. januar kl. 14, men om du ikkje er påmeldt kan du framleis klikke på møtelenkja og komme direkte inn i webinaret på den dagen du ønskjer. 

Webinaret er gratis.

Om du melder deg på innan fristen får du tilsendt lenkje til møtet i forkant av webinaret. Vi gjer merksam på at møtet vert tatt opp. Opptaket vil bli gjort tilgjengeleg for deltakarane i etterkant av møtet. 

Velkomen! 

Dato:
17. januar 2023 09:30 - 20. januar 2023 11:00
Sted:
Digitalt
Arrangør:
Statsforvaltaren i Vestland
Målgruppe:
Kommunar, både adminstrasjon og politikarar, lag, organisasjonar, rådgjevarar, med fleire
Påmeldingsfrist:
16. januar 2023 14:00