Utsett: Webinar om bustadsosiale handlingsplanar (fjerde i serie)
- Dato:
- 25. mai 2023 09:00 - 11:00
- Sted:
- Digitalt (Teams)
- Arrangør:
- Statsforvaltaren i Vestland
- Målgruppe:
- Kommunale leiarar og tilsette involvert i arbeid med bustadsosial handlingsplan (Vestland)
- Påmeldingsfrist:
- 24. mai 2023 23:59
Statsforvaltaren i Vestland arrangerer ein serie med webinar for å støtte kommunane i arbeidet med å utarbeide eller revidere bustadsosiale handlingsplanar. Tema for fjerde webinar i serien er "Frå plan til gjennomføring på det bustadsosiale feltet".
Dette webinaret er utsett. Vi vil kome tilbake med eit nytt tidspunkt.
Om webinar-serien
Gjennom webinar-serien er målet å gje kommunane auka kompetanse om korleis nasjonale føringar og kommunanes overordna planar (planstrategi og kommuneplanens samfunnsdel og arealdel) kan gje føringar for utarbeiding av bustadsosiale handlingsplaner.
Kunnskapsgrunnlag, korleis organisere planarbeidet og korleis gå frå plan til gjennomføring via økonomiplan og budsjett, vil og vere tema. Vi vil òg sjå nærare på korleis Husbankens økonomiske verkemiddel kan bidra til å løyse kommunanes utfordringar på dette området.
FNs berekraftsmål, «Nasjonale forventninger om regional og kommunal planlegging 2019-2023» og den nasjonale strategien for ein sosial bustadpolitikk «Alle trenger et trygt hjem 2021-2024» legg alle vekt på behovet for sosial berekraft i bustadpolitikken. Det inneber behov for å planleggje for bustadar for alle, òg dei som er vanskelegstilte på bustadmarknaden som til dømes eldre, funksjonshemma, vanskelegstilte barnefamiliar, bustadlause m.fl.
I utkast til ny Lov om kommunenes ansvar på det boligsosiale feltet (St. prop. 132 L 2021-2022) vil kommunane mellom anna verte pålagt å ta slike bustadsosiale omsyn i planlegginga.
- Dato:
- 25. mai 2023 09:00 - 11:00
- Sted:
- Digitalt (Teams)
- Arrangør:
- Statsforvaltaren i Vestland
- Målgruppe:
- Kommunale leiarar og tilsette involvert i arbeid med bustadsosial handlingsplan (Vestland)
- Påmeldingsfrist:
- 24. mai 2023 23:59