Leve heile livet og Bu trygt heime – vidareføring og saumlaus overgang
- Dato:
- 4. oktober 2023 09:00 - 5. oktober 2023 15:15
- Sted:
- Quality Hotel Edvard Grieg, Sandsli
- Arrangør:
- Statsforvaltaren og det regionale støtteapparatet for Leve heile livet i Vestland
- Målgruppe:
- tilsette og leiarar, politikarar og eldreråd i kommunane, fylkeskommunen, frivillige organisasjonar, utdanningsinstitusjonar, helseføretak, næringslivet og andre interesserte
- Påmeldingsfrist:
- 8. september 2023 23:59
Statsforvaltaren og det regionale støtteapparatet inviterer til konferanse om Leve heile livet, Fellesskap og meistring - Bu trygt heime og Demensplan 2025. Programmet er klart, og påmeldingsfristen er fredag 8. september.
Bu trygt heime-reforma frå 2024 vil bygge vidare på alt det gode arbeidet frå Leve heile livet. Saman med Demensplan 2025, blir dette gjennomgåande tema på konferansen. Samlinga varer i to dagar, med felles middag på kvelden.
Program
Stortingsmeldinga «Fellesskap og meistring – Bu trygt heime» har fire satsingsområde:
- levande lokalsamfunn
- bustadtilpassing og -planlegging
- kompetente og myndiggjorte medarbeidarar
- tryggleik for brukarar og støtte til pårørande
Sjå meir i programmet, som du finn under «Dokument».
Praktisk informasjon og påmelding
Statsforvaltaren dekker dagpakker for fire personar frå kvar kommune i Vestland. Dette må de avklare internt i kommunen, før de melder dykk på. Om kommunen ønskjer å stille med fleire enn fire, så hakar de av for dette i påmeldingsskjemaet, og ordnar sjølv opp med hotellet. Deltakarar som ikkje høyrer til kommunar i Vestland, betalar også dagpakke sjølve.
Vi legg opp til felles middag om kvelden, som deltakarane betalar sjølve.
Dei som vil overnatte, bestiller og betalar direkte til hotellet. Hotellet har sett av eit visst tal rom, som kostar 1250 kroner per døgn for konferansedeltakarane. Denne prisen gjeld fram til påmeldingsfristen og det er førstemann til mølla. Pris for dagpakke er 720 kroner per dag, og pris for middag (tre rettar) er 545 kroner.
Ved å melde deg på denne konferansen, samtykker du samtidig til at vi deler informasjonen din med medarrangørar og konferansehotellet. Les meir om personvern og nettryggleik under «Lenkjer».
- Dato:
- 4. oktober 2023 09:00 - 5. oktober 2023 15:15
- Sted:
- Quality Hotel Edvard Grieg, Sandsli
- Arrangør:
- Statsforvaltaren og det regionale støtteapparatet for Leve heile livet i Vestland
- Målgruppe:
- tilsette og leiarar, politikarar og eldreråd i kommunane, fylkeskommunen, frivillige organisasjonar, utdanningsinstitusjonar, helseføretak, næringslivet og andre interesserte
- Påmeldingsfrist:
- 8. september 2023 23:59
Kontaktpersoner
-
Beate Helland
Tlf: 55 57 22 15 -
Ragna Flotve
Tlf: 55 57 21 72 -
Anne Eli Wangen
Tlf: 57 64 31 65 -
Janne Weltzien Listhaug
Tlf: 55 57 21 39