Tilskot til miljøtiltak i skog
Føremålet med tilskotet etter denne forskrifta er å «stimulere til økt verdiskaping i skogbruket, samtidig som miljøverdier knyttet til biologisk mangfold, landskap, friluftsliv og kulturminner i skogen blir ivaretatt og videreutviklet».
Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.
Ordninga er beskrive i «§ 6: Tilskudd til miljøtiltak i skog» i «Forskrift om tilskudd til nærings- og miljøtiltak i skogbruket».
Sjå temaside hjå Landbruksdirektoratet for krav til søknad og informasjon til skogeigar: Tilskudd til miljøtiltak i skog - Landbruksdirektoratet
Det vert kvart år oppretta ei nasjonal ramme med midlar som er øyremerkt ordninga. I tildelingsbrev frå Landbruksdirektoratet er fordeling og innretting av de øyremerka midlane omtalt i:
Miljøtilskot 2023 – til forvaltinga.
Kommunane kan utover dette tildele midlar frå kommunen si ramme for NMSK-midlar.
Det kan gis tilskot til:
§6a - Skjøtselstiltak
Tilskot til å dekke meirkostnader eller tap ved å gjennomføre skjøtselstiltak for å ivareta og utvikle verdiar knytt til biologisk mangfald, landskap, friluftsliv og kulturminne.
Det kan gis inntil 70 % tilskot.
Eksempel på bruk:
- Skånsam drift rundt nøkkelbiotop (faste køyrespor, manuell hogst, bruk av vinsj).
- Manuell felling av gran i nøkkelbiotop.
- Omsyn til sti/gl. postveg/steingjerde (omkøyring, bygge kryssingspunkt).
- Tap ved skade på tre/hogst av tre ved anlegg av sykkelløypar, turstiar m.m. (i samarbeide med foreining/lag).
- Styving av tre i nøkkelbiotopar.
- Fjerne sjølvsådd sitka i kystlynghei.
- Lukka hogstar i buffer rundt regnskog (som er registrert som nøkkelbiotop).
- Synleggjere kulturminne
§6b - Langsiktig bevaring
Dekke tap for skogeigarar som tar vare på nøkkelbiotopar/rovfuglreir/tiurleikar.
Det kan gis inntil 30 % tilskot. Berekning av tilskot er beskrive i tildelingsbrev.
Eksemplar på bruk:
- 10 års avtale om å sette av nøkkelbiotopar som urørt
- 10 års avtale om å sette av areal rundt rovfuglreir som urørt
§6c - Ta vare på område utan tekniske inngrep
Dekke tap for skogeigarar som avstår frå å bygge veg som kan redusere «villmarksprega områder».
Det kan gis inntil 70 % tilskot.
Søknadsprosess og behandling i ØKS
Sjå tildelingsbrev ovanfor.
Under «Hjelp» i ØKS ligg det ein video som viser korleis kommunen handsamar søknaden i ØKS. (Hjelp -> Opplæring -> Tilskudd og søknader -> Miljøtilskudd i ØKS)
Sjå òg kapitel 6 og kapitel 9 i brukarmanual for ØKS.
Skogeigar kan fortløpande søkje på ordninga.
Når kommunen skal tildele frå nasjonal pott, brukar ein «grunnsøknad» (frå skogeigar sin skogfondkonto). Søknaden frå skogeigar vert registrert i ØKS av kommunen eller av skogeigar i Altinn. Etter at søknaden er registrert («registrering fullført»), vert funksjon i ØKS endra til sakshandsaming. Når tilskot til miljøtiltak vert tildelt frå kommunens eigen pott, er det «prosjektsøknad» ein skal nytte. «Prosjektsøknad vert òg nytta ved søknad frå eigedom utan skogfondkonto.
Kontaktpersoner
-
Gro Kampp Hansen
Tlf: 55 57 21 68 -
Torkel Hofseth
Tlf: 57 64 30 83 / 90 83 62 49 -
Torleiv Skage
Tlf: 55 57 21 73 / 97 14 41 24 -
Torgrim Østgård
Tlf: 57 64 30 66 / 90 74 05 03