Inn på tunet
Inn på Tunet er tilrettelagde og kvalitetssikra velferdstenester på gardsbruk. Tilbodet skal gje meistring, utvikling og trivsel.
Statsforvaltaren har ansvar for å følgje opp den nasjonale satsinga på Inn på tunet. Det er Statsforvaltaren si landbruksavdeling som koordinerer arbeidet med Inn på tunet i Vestland. Her kan kommunar og andre få informasjon om Inn på tunet og råd og rettleiing ved etablering og drift.
-
å gjera Inn på tunet betre kjent i kommunal og statleg sektor
-
å auka kompetansen på kjøpar- og tilbydarsida gjennom utviklingsarbeid, informasjonsarbeid, kurs og andre aktivitetar
Arbeidet vert styrt av Handlingsplan for Inn på tunet 2019-2022
Det er i gang arbeid med ny handlingsplan, som skal tre i kraft i 2023.
Styringsgruppe for handlingsplanen er sett saman av assisterande statsforvaltar, fylkeslege, utdanningsdirektør og landbruksdirektør.
I perioden 2020-2022 gjennomførte vi i Vestland Inn på tunet-løftet 2, innanfor området Psykiatri, rus og arbeid. Kommunane Bømlo og Stad var pilotkommunar.
Inn på tunet gir arbeidstrening med nytteverdi
Khaled Alobeid har fått språk- og arbeidstrening på Gullvegen Inn på tunet-gard på Bømlo. Her har han fått bruka kompetansen sin og fått nyttig kunnskap om HMS og norsk arbeidsliv. I denne filmen får du høyra kva nytteverdi Inn på tunet kan gje for innvandrarar med fluktbakgrunn.
Publisert 26.06.2023
Inn på tunet - konferanse
Her får du vite korleis Inn på tunet kan bidra til å oppfylle nasjonale, regionale og kommunale mål for opplæring, velferdstenester og integrering.
Publisert 15.05.2023
Få informasjon om Inn på tunet rett i innboksen
Lurer du på kva som skjer med Inn på tunet om dagen? Du kan få aktuell informasjon fire gonger i året gjennom Nytt frå Inn på tunet.
Publisert 19.12.2022
Inn på tunet – gull verdt for språk- og arbeidstrening
Kva kan Inn på tunet bidra med for innvandrarar med fluktbakgrunn? Erfaringar frå Inn på tunet-løftet på Bømlo viser meistringsopplevingar, språktrening, arbeidslivskunnskap og mykje glede.
Publisert 23.06.2021, Sist endret 24.06.2021
Følg med på det som skjer i Inn på tunet-løftet
Dei fire nasjonale pilotprosjekta har gått saman om ei felles prosjektnettside.
Publisert 05.11.2020
Inn på tunet-løft i Vestland
Fylkesmannen i Vestland har fått tildelt eitt av fire utvalde pilotprosjekt i satsinga Inn på tunet-løftet 2. Prosjekta skal bidra til å gjere landbruket endå meir synleg, kompetent og attraktivt som samarbeidspartnar for kommunane.
Kontaktpersoner
-
Ragna Flotve
Tlf: 55 57 21 72