Det er lov å spreie møkk om våren
No luktar det møkk over heile Vestlandet. Statsforvaltaren får stundom spørsmål om dette er lov.
Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.
Bøndene har strenge reglar å halde seg til for lagring og spreiing av husdyrgjødsel. Dette er reglar som skal sikre at vassdraga ikkje blir forureina. Difor er det ikkje lov å spreie om vinteren, det er krav om tette lager, og det skal berre spreiast på godkjent spreieareal.
Det er god agronomi å spreie husdyrgjødsel om våren. På denne tida treng plantene mykje næring, og låge temperaturar gjer at næringsstoffa ikkje fordampar. For å sikre god effekt, er det mange bønder som blandar gjødsla med vatn før spreiing.
Det er vanleg å spreie gjødsel både om våren og om sommaren. Om våren ønskjer bonden låg temperatur og lett regn for å sikre god gjødsling og lite lukt. Om sommaren er temperaturen høgare, og då aukar fordampinga og lukta. Difor har også sommargjødsling litt dårlegare effekt enn vårgjødsling. Stadig fleire bønder investerer i utstyr som legg gjødsla i striper på bakken. Dette sikrar god gjødsling både vår og sommar, og reduserer fordamping og lukt.
Nokre bønder spreier også gjødsel om hausten. Dette vert ofte gjort for å ha nok lagerplass gjennom vinteren. Haustspreiing har dårlegare gjødseleffekt enn spreiing vår eller sommar. Med stor prisauke på gjødsel kan det vere lønsamt å utvide gjødsellageret slik at all gjødsla kan spreiast om våren eller sommaren.
Bonden kan normalt spreie gjødsel mellom 15. februar og 1. september. Men nokre kommunar har lokale forskrifter med frist i oktober. For gjødsel som blir molda ned er fristen 1. november.
Aktuelle lover og forskrifter:
* Forureiningslova §§ 7 og 8
* Forskrift om gjødselvare mv. Av organisk opphav, §§ 18-24