Småskalaprodusentar i Ytre Sogn
I ytre Sogn finn ein småskala grøntprodusentar i Vetlefjorden i Balestrand kommune, på Sæle i Høyanger kommune, og i Gulen på andre sida av Sognefjorden. Bli med på ein rundtur til dei og sjå nokre bilete frå årets produksjon i juni.
Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.
Rendedal gard
I Vetlefjorden driv Renate Rendedal med litt over 60 vinterfora sauer og er i ferd med å legge om drifta meir i retning av regenerative prisipper og har nett fullført eit kurs i Holistic Management.
Biletet over er frå 2021. Då starta ho etablering av ein marknadshage nær tunet. I mellomtida har familien vorte større, og no satsar Renate på å rasjonalisere produksjonen meir og kanskje leige inn hjelp i kortare periodar på sommaren.
Renate har vorte kjent med jordkvaliteten på dei flate jordene og ynskjer på sikt å etablere areal med fleirårige vekstar som rabarbra og bær, i tillegg til marknadshagen.
Ho har sjølvsagt traktor på garden og vurderer å utvide med ein spesialisert produksjon på nokre av kulturane (til dømes potet, gulrot og kanskje eit felt med ulike kålslag).
Sjå fleire bilete og bli oppdatert på:
FAKTA
Rendedal gard
Garden blir drifta av: Renate Rendedal
Kommersielt oppstartsår: 2020
Antall daa markedshage (ink/gang): 1,5 daa
Traktordreven grønnsaksproduksjon i tillegg?: Ja, potet
Dominerande jordtype: Siltig mellomsand
Kommune: Høyanger: Balestrand - Vetlefjorden
Herdigheitssone: 2-3
Siste frost-dato: Midten av mai
Omsetningskanaler: REKO, restaurant, hotell.
Tunnel/drivhus: Nei, men planlegg å kjøpe inn tunnell
Andre produksjonar/aktivitetar: Sau
Debiosertifisert økologisk: Karens, godkjent frå 2024
Sæle gard i Balestrand
Renate Sæle driv grønsaksproduksjonen med ein mindre jordbærproduksjon på heimgarden. Faren har ansvaret for dyrking av frukt og potet.
Grønsaksproduksjonen er på om lag 1,2 daa, i sørvend helling mellom riksvegen og Sognefjorden.
Nokre av grønsaksradene og jordbærfelta er mellom frukttrea, dersom det er god plass.
Midt imellom dei to dyrkingsareala har Sæle bygd ein effektiv skylje- og arbeidsstasjon, med plass til mellomlagring av småplanter. Det lettar arbeidsprosessen og gjer den tryggare, då ho elles må krysse riksvegen for å komme til gardstunet.
Rentate Sæle starta med sal av grønsaker i 2022, og sel til lokale verksemder, private kundar på REKO-ringane i Førde og Sogndal og til abonnentar (per no 10 stk). Over er ein vanleg pose kundane får, med ulike grønsaker som er mogne den veka (6-8 slag).
Sæle driv grønsaksproduksjonen på heimgarden attåt full jobb, og planlegg difor ikkje stor utviding av produksjonen.
Les meir og sjå fleire bilete på:
Gulen gartneri
Grete Overdevest tok for få år sidan over drifta på garden i Dalsøyra, i Gulen kommune.
Foreldra etablerte eit gartneri i 1986 med drivhus, og planta mykje pyntegrønt på innmarka som Grete no kan hauste godt av.
I det uoppvarma drivhuset har ho oppal av småplanter og nokre varmekrevande grønsaksvekster og blomar i potter.
Grete driv i dag i tillegg ein mindre frilandsproduksjon av grønsaker og blomar, og starta med ein salsproduksjon i 2020.
Grete sel i hovudsak alle småplantene, blomane og grønsakene på Bondens marknad i Bergen. Produksjonen er økologisk: Debio-godkjent.
Ved juletider har ho eit breidt utval av pyntegrønt.
Sjå fleire bilete og bli kjent med produksjonen på sosiale medier: