Landbruksstatistikk
Her presenterer vi ulik statistikk for landbruket i Vestland.
Vi har laga vår eigen statistikkbank for fylket der du kan sjå korleis landbruket i Vestland utviklar seg både med omsyn til ulike produksjonar og areal. Under finn du og ei samling med utvalde artiklar om jord- og skogbruk i Vestland. Tala og artikkelsamlinga vert oppdatert gjennom året.
Til høgre på sida finn du statistikkbanken vår, i tillegg til lenkjer til tala vi har nytta.
Er du interessert i andre tal eller produksjonar enn det du finn her, ta kontakt med oss.
Statistikkbanken er oppdatert med tal for 2022
Alle ark er blitt oppdatert med tal for 2022 med unntak av arka hogst- og planteareal og historiske tal – frukt og bær.
Publisert 07.10.2020
Statistikken avslører mangel på skogplanting
Nedgang i hogst og auke i planting i 2019 gjer at vi er meir i balanse enn på mange år, men forskjellane mellom kommunane er store.
Publisert 31.08.2020
Statistikkbanken for landbruk er utvida med skogbruksdata
Fylkesmannen i Vestland har utarbeida ein statistikkbank for landbruket i Vestland. No er statistikk for skogbruk kome på plass.
Publisert 16.06.2020
Fylkesmannen lanserer statistikkbank for landbruket
Fylkesmannen i Vestland har samla statistikk om landbruket i Vestland frå opne kjelder og laga vår eigen statistikkbank for landbruket i fylket. Målet er å gjere fakta om landbruket i fylket meir tilgjengeleg både for dei som arbeider med landbruk og dei som er interessert i landbruksutviklinga i Vestland.
Publisert 31.01.2020
Jordbruksarealet i Vestland
Fulldyrka areal i Vestland går ned, medan areal til mellom anna beiting går opp.
Publisert 21.01.2020
Kjøtproduksjon i Vestland
Kjøt frå storfe er den dominerande kjøtproduksjonen i Vestland.
Publisert 13.01.2020
Mjølkeproduksjon frå ku i Vestland
Vestland er eit fylke med mange små og store mjølkebruk, og det fjerde største mjølkefylket for kumjølk.
Kontaktpersoner
Lenker
Dokumenter
Visste du at.... ?
Vestland hadde i 2022 nesten 250 tusen lam på beite.