Hjortebønder og viltmottak løftar hjort som næring
Vill hjort i skogen og tam hjort bak gjerde har eit stort potensial for auka verdiskaping. I Vestland er det gjort ei kartlegging, for å få svar på kva som må til for å utvikle denne næringa.
Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.
På oppdrag frå Vestland fylkeskommune og i samarbeid med Stiftinga Norsk Hjortesenter, Statsforvaltaren i Vestland, Agri Analyse og Mind The Gap har vi kartlagt næringa i dag, samarbeid mellom aktørar i verdikjeda og potensial for vidare utvikling og verdiskaping. Arbeidet skal medverke til at bedrifter kan vakse, og at meir hjortekjøt kjem fram til forbrukar.
Vi inviterte oss heim på bedriftsbesøk
I Vestland er det totalt 21 bedrifter som er godkjente for oppdrett, slakting eller foredling av hjort. Viktige tema i kartlegginga har vore utfordringar i næringa, regelverk for handsaming av kjøt, salskanalar og økonomi. Det er også gjennomført ei digital undersøking, retta mot kommunen.
Vestland er landets mest hjorterike fylke, med ca 23 500 felte hjort i 2022. Bedriftene som skal ta hand om kjøtet seier at eit av hovudproblema er at råvara kjem konsentrert i ein periode på hausten, og at ein då får stor ledig kapasitet resten av året. Bedriftene seier at det er stor mangel på personar med fagkompetanse som kjøtskjerar, kvaliteten på kjøtet frå jeger varierer mykje, og det er viktig å betra kunnskapen om handtering av kjøt hos jeger. Ordninga med feltkontroll er god, men det har også medført auka svart sal av foredla kjøt til forbrukar.
Undersøking hjå kommunane
Oppsummert har kommunen mykje å gå på i arbeidet med å utvikle hjort som næring. Svara viser at kommunane brukar tida på forvalting av hjortestamma, og har mindre merksemd på næringsutvikling. Når nokon tek kontakt bidrar kommunen gjerne med rettleiing om næringsutvikling, men tek i liten grad initiativet sjølv. Kunnskapen om hjort som næring er låg i kommunen, men dei viser då gjerne vidare til aktørar eller fagmiljø som kan hjelpe. Hjorten har liten plass i kommunale næringsplanar, sjølv om reiseliv ofte er ein del av planen.
Vidare arbeid
Prosjektet i Vestland har no planar om ein arbeidsverkstad for bedriftene, og vil arrangere tre webinar, med ulike tema. Etter dette vil ein lodde stemninga, og sjå om det er interesse for å etablere klynger av hjortebedrifter i Vestland.
Kontaktpersoner
-
Marit Hjortung
Tlf: 57 64 30 89 / 90 61 95 92