Tidleg gjødsling kan redde ein godt gøymd skatt

Skatten heiter elvemusling. Dette er eit skjel som lever i ferskvatn, og som er i slekt med blåskjel, kamskjel og hjarteskjel som vi finn i saltvatn. Statsforvaltaren i Vestland har vore på elvemuslingtur til Sunnfjord, Nordhordland og Midthordland saman med kommunar og bønder.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 08.12.2022

Elvemuslingen sit fast på elvebotn. Her lever den av næring som den finn ved å filtrere vatn. Ein elvemusling veks svært seint og kan bli opptil 300 år gamal. Muslingen kan ikkje rømme frå forureining som kjem med vatnet. Difor er det avgjerande kva som skjer langs elva. Graving eller utslepp av gjødsel kan på kort tid utrydde muslingen frå eit vassdrag.

Målet med synfaringa var å sjå ulike vassdrag med musling, og å høyre erfaringar frå bønder som har elvemusling i vassdrag nær jordbruksareala sine. Den beste forståinga for utfordringa til bøndene får ein gjennom å reise ut og sjå konkrete eksempel.

Gjennom Regionalt miljøprogram i Vestland er det tilskotsordningar som skal medverke til å ta vare på elvemuslingen. Ordningane tilskot til spreiing av husdyrgjødsel om våren og/eller i vekstsesongen og tilskot til kantsone i eng er retta mot bønder som driv jordbruk langs utvalde vassdrag. For å sikre reint vatn til elvemuslingen må gjødsling skje på ein slik måte at næringsstoffa ikkje kjem ut i vassdraget. Då må det gjødslast når plantene er i god vekst og kan ta opp næringa, og det må skje i god avstand til vassdraget.

Vi var den 28. april å besøkte Nyttingeneselva i Kinn kommune og Redalselva i Sunnfjord kommune. 21. juni besøkte vi Haukåselva i Bergen kommune og Mjåtveitsvassdraget i Alver kommune. Den 22. juni var vi i Bjørnafjorden kommune og besøkte både Osvassdraget og Døsjaelva.

Bønder vi har vore i kontakt med har vore positive til elvemuslingen, og mange gjer tiltak i drifta si som tek omsyn til muslingen. Ansvaret har gått i generasjonar, der dagens gardbrukarar har tatt over ansvaret for muslingen som han eller ho oppdaga i ung alder.

Vi ser at vassdraga varierer i storleik og vassføring, og dei har ulike utfordringar. På Nyttingnes er t.d. den største utfordringa liten vassføring, som kan resultere i at muslingen tørkar opp. Dyr på beite som vandrar ut i elva, kan også vere ei utfordring. Då hadde grunneigar sett opp gjerde ved deler av elva for unngå skade.

Elvemusling i Nyttingeneselva i Kinn kommune. Dei fleste muslingane hadde plassert seg inn til kantane.
Elvemusling i Nyttingeneselva i Kinn kommune. Dei fleste muslingane hadde plassert seg inn til kantane. Foto: Daniel Almhjell, SFVL.
Deler av Nyttingeneselva. Bildet over er tatt under vassoverflata på same staden.
Deler av Nyttingeneselva. Bildet over er tatt under vassoverflata på same staden. Foto: Daniel Almhjell, SFVL.

Mjåtveitsvassdraget i Alver kommune skil seg frå Nyttingeneselva. Her er det høgare normalvassføring og mykje større utbyggingsaktivitet, bl.a. med etablering av eit større bustadfelt. Dette igjen kan føre til meir sedimentering i elva.

Bilde viser Mjåtveitsvassdraget i nedre del. Langs vassdraget ligg det jordbruksareal i nærleik til vasstrengen. Her har bonden vi prata med vist omsyn gjennom å passe på avstand og tidspunkt for spreiing av gjødsel.
Bilde viser Mjåtveitsvassdraget i nedre del. Langs vassdraget ligg det jordbruksareal i nærleik til vasstrengen. Her har bonden vi prata med vist omsyn gjennom å passe på avstand og tidspunkt for spreiing av gjødsel. Foto: Martin Søgnen, SFVL.


Området ved Haukåselva i Bergen kommune ligg rett ved E39. Det er store flate jordbruksareal som ligg parallelt med E39 og elva. Her har det over tid vore fleire utfordringar knytt til avrenning, både frå jordbruksareal, men også Bergen Travpark og utbygging av ulike næringsområde. Bergen kommune har nyleg starta eit planarbeid for å styrka omsynet til livet i Haukåselva.

Ivaretaking av kantsone med naturleg vegetasjon er eit svært viktig tiltak for å redusera avrenning til vassdrag. Kantvegetasjon er også i seg sjølv viktig habitat for både insekt, planter og dyr, men også betra levekåra for liv i sjølve vasstrengen. I dag er det ikkje lov å fjerne kantvegetasjon langs vassdrag jf. vassressurslova § 11. Å la vegetasjonen kome naturleg tilbake mellom dyrka mark og vassdrag vil vere eit svært effektivt tiltak for å redusera uheldig avrenning til våre vassdrag.

Haukåselva i Bergen kommune langs E39, til høgre i bilete er eit svale-hotell.
Haukåselva i Bergen kommune langs E39, til høgre i bilete er eit svale-hotell. Foto: Martin Søgnen, SFVL.

Bonden som driv jordbruksareala langs Haukåselva viser omsyn til elvemuslingen gjennom mellom anna tidleg spreiing av husdyrgjødsel. Tilført fosfor som ikkje vert teke opp i plantene, står i fare for å bli vaska vekk. For å hindre tap av næringsstoff, bør gjødsla spreiast tidleg i vekstsesongen og etter førsteslåtten, og i slike mengder at plantene kan ta opp mest mogleg av næringsstoffa. Derfor er den ekstra innsatsen som bonden her legger ned kjempe viktig!

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.