Tilskot til bygging av gjødsellager
Fekk den noko seine våren deg til å tenke på lagerkapasitet for husdyrgjødsel? Det er mogleg å søkje Innovasjon Norge om støtte til å bygge nytt gjødsellager. Kommunen kan også løyve SMIL-midlar til tak/dekke over eksisterande gjødsellager.
Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.
Nytt lager
Innovasjon Norge kan gi tilskot til å bygge nytt lager for husdyrgjødsel eller biorest, både med eller utan gjødselseparator. Frå 2023 er det krav om at lageret må byggast med fast toppdekke. Med fast toppdekke meinast anten tak, presenning med stativ eller flytedekke. Du må søkje før du startar på arbeidet med å bygge/inngår bindande kontrakt med nokon som skal utføre arbeidet. Innovasjon Norge kan maksimalt støtte 25 prosent av godkjend kostnadsoverslag, og den øvre grensa for tilskot er 200 000 kr per prosjekt. Les meir om korleis du søkjer på heimesida til Innovasjon Norge: www.innovasjonnorge.no/no/tjenester/landbruk/finansiering-for-landbruket/tradisjonelt-landbruk/
Tak over eksisterande gjødsellager
Dekke over gjødsellager kan redusere utslepp til luft, særleg tapet av ammoniakk, og er eit av fleire klimatiltak i jordbruket. Reduserte utslepp av gjødselgassar frå gjødsellager er òg positivt for omgivnadane. Kommunen kan løyve tilskot til spesielle miljøtiltak i landbruket (SMIL) til tak over gjødsellager.
For å få SMIL-tilskot må søkjaren:
- Ha ei drift som kvalifiserer for produksjonstilskot,
- Ha nok lagerkapasitet for husdyrgjødsel til å oppfylle minstekrava i forskrift om organisk gjødsel, og
- velje takløysning av varig karakter tilpassa det aktuelle lageret. Presenning med stativ eller flytedekke kan også godkjennast.
Likt som for tilskot frå Innovasjon Norge må du søkje på førehand.