LivOGLyst i Vestland

LivOGLyst-programmet er ei lokalsamfunnssatsing, der målet er å utvikle attraktivitet gjennom brei deltaking. No kan lokalsamfunn i heile Vestland få gleda av å delta i satsinga.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 07.04.2020

Gjennom 12 år har LivOGLyst-satsing i Hordaland bidrege til stor aktivitet i lokalsamfunna. Metodikken i satsinga har mykje til felles med andre bygdeutviklingssatsingar, men har ein metodikk som er noko annleis. No satsar vi på LivOGLyst i heile Vestland.

Prosjektleiing som motiverer

Det er mest alltid eldsjeler som tek initiativ til prosjektsøknader. Slik er det også med LivOGLyst. Det er viktig å formidle LivOGLyst-metodikken til desse tidleg. Eldsjelene har visjonar og mange mål. I denne metodikken skal folka i lokalsamfunna sjølve finne dei tiltaka dei ønskjer, og i størst mogeleg grad sjølve bidra til å setja dei i verk. Det inneber ei prosjektleiing som motiverer, finn eigna arena for å få idear fram og kan heie på grasrot-initiativa. LivOGLyst-leiinga må våge å gje tillit og kunne gje frå seg kontroll. Dette er ei relativt uvanleg form for prosjektleiing, men ut frå denne har det kome mange flotte tiltak i lokalsamfunna.

Mobilisering og tilrettelegging

LivOGLyst er ei felles satsing for partnarskapen; Vestland fylkeskommune, Fylkesmannen i Vestland og Innovasjon Norge, Vestland. Fylkeskommunen finansierer prosjektet og har prosjektleiinga. Fylkesmannen og Innovasjon Norge har representant i arbeidsgruppa og bidreg med arbeidsressursar og kompetanse. Lokalsamfunna kan søkje om eittårig forprosjekt, og etter det kan dei bli tatt opp i ein treårig hovudprosjektperiode.

Alle prosjekta får besøk av arbeidsgruppa, som følgjer dei godt opp undervegs i arbeidet. Vi arrangerer ein felles konferanse og ei nettverkssamling gjennom året, og organiserer og deltek i ulike relevante arrangement for auka kompetanse og nettverksbygging. Lokalsamfunna dreg nytte av kvarandre ved å dele erfaringar.

LivOGLyst er ei satsing som også har noko prosjektmidlar til lokalsamfunna, og tildelte midlar går hovudsakleg til mobiliseringsarbeid, tilrettelegging av møteplassar, nettverksbygging og kompetanseutvikling. Det blir forventa at kommunen støttar aktivt opp om prosjektet, gjennom deltaking i arrangement og i styringsgruppe. I hovudprosjektet stiller kommunen også med noko midlar.

Styrking av næringsliv og involvering av særlege grupper

Arbeid er ein del av det gode livet. I LivOGLyst-programmet er innovasjon og entreprenørskap integrert i satsinga. Det vert arrangert samlingar og i nokre lokalsamfunn har ein eigne næringsgrupper. Å skape eit nærmiljø der menneska heiar på det lokale næringslivet og kjøper lokale varer og tenester er ein viktig del av mobiliseringsarbeidet.

Det å få alle grupper med er ei utfordring. Ungdom er ei gruppe vi har satsa særleg på i LivOGLyst-arbeidet. Mange ønskjer å leggje til rette for tiltak for ungdom. I LivOGLyst har tiltak med ungdom vore vektlagt. Det viser seg at tiltaka har større effekt der ungdom sjølve har ideane, og der dei får ei hovudrolle i organisering og gjennomføring.

Liv og lyst etter LivOGLyst

Målet med satsinga er å skape trygge og levande lokalsamfunn for framtida, og er meir enn eit kortvarig prosjekt. Vi lukkast der LivOGLyst-tankegangen blir varig i lokalsamfunnet. Å skape liv og lyst etter LivOGLyst er det vi arbeider for å oppnå, og i mange lokalsamfunn set satsinga gode og varige spor etter seg.

 

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.

Kontaktpersoner