Erstatning for naturskade etter flaum
Det finst to ulike ordningar for erstatning eller støtte etter naturskade på bygningar, anlegg og areal.
Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.
Statens naturskadeordning
Denne ordninga kan erstatte skader som direkte skuldast ei naturulykke som t.d. flaum, storm, stormflo og skred. Ordninga omfattar berre skader på objekt som ikkje kunne forsikrast gjennom vanleg forsikring.
Erstatninga dekkjer reparasjon, og ikkje forbetring eller sikring mot ny skade. Ved skade, eller mistanke om skade, er det svært viktig å sørgje for god dokumentasjon. Ta bilete og beskriv skaden. Gjer det du kan for å forhindre ytterlegare skader.
Kven kan søkje: Private eigarar, selskap, veglag og foreiningar, personar med leigejord, tomtefestarar og andre rettshavarar kan søkje om erstatning.
Hugs at fristen for å søkje er tre månader etter at skaden oppstod. Søknaden må dokumenterast med bilde, kart og kostnadsoverslag, anbod eller takst – alt etter kor høg kostnaden vert.
Meir informasjon om statens naturskadeordning og korleis du søkjer på www.naturskadeordningen.no. Der finn de også elektronisk søknadsskjema.
Naturskadepoolen
Alle bygningar og lausøyre som er forsikra mot brann, er samtidig forsikra mot naturskader.
Meir informasjon finst på nettsida til Norsk Naturskadepool.