Oversikt over regionale miljøtilskot i Vestland

Under fylgjer ei oversikt over dei regionale miljøtilskota i Vestland. Krav, avgrensingar, tilskotssatsar og informasjon per tiltak finn du ved å klikka på tiltaksnamna i tabellen under. Nye tiltak og tiltak med større endringar er merka med stjerne bak tiltaksnamnet.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 19.04.2023, Sist endret 27.04.2023

 

Tiltak Forklaring
Kulturlandskap
§ 4 Drift av bratt areal Slått og hausting av bratt, dyrka grasareal, og drift av bratt hagebruksareal med næringsføremål
§ 5 Drift av beitelag Driftstilskot til beitelag (utmark)
§ 6 Beiting av verdifulle jordbrukslandskap i innmark * Skjøtselsbeiting med geit på innmarksbeite. Nytt tiltak!
§ 7 Beiting av verdifulle jordbrukslandskap i utmark * Sau på utmarksbeite frå og med 600 meter over havet. Nytt tiltak!
§ 8 Slått av verdifulle jordbrukslandskap Slått av veglaus dyrka mark
Biologisk mangfald
§ 9 Slått av slåttemark Slått av slåttemark og lauveng registrert i Naturbase
§ 10 Beiting av kystlynghei Vinterbeiting av kystlynghei registrert i Naturbase
§ 11 Brenning av kystlynghei Brenning av areal som vert vinterbeita og som er godkjent for tiltaket Beiting av kystlynghei
§ 12 Skjøtsel av truga naturtypar Beiting av naturbeitemark og hagemark registrert i Naturbase
§ 13 Skjøtsel av styvingstre Styving av styvingstre i søknadsåret
§ 14 Soner for pollinerande insekt * Tiltaket gjeld berre i Lærdal kommune. Beiting og slått av pollinatorvenlege soner på og ved jordbruksareal. Ny utforming av tiltaket
§ 15 Tilrettelegging av hekke- og beiteområde for fugl * Markering av reir og sein slått ved reir for vipe, åkerrikse og storspove på jordbruksareal. Ny utforming av tiltaket.
Kulturminne og kulturmiljø
§ 16

Drift av seter

Drift av støl med mjølkeproduksjon med levering til meieri eller eigen foredling

§ 17

Skjøtsel av automatisk freda kulturminne

Beiting og slått ved automatisk freda kulturminne på eller inntil jordbruksareal

Avrenning til vatn og utslepp til luft
§ 18 Kantsone i eng * Gjødsel- og sprøytemiddelfri sone i eng ved utvalde vassdrag. NB! Mange nye vassdrag frå og med 2023.
§ 19 Spreiing av all husdyrgjødsel om våren og/eller i vekstsesongen * Spreiing av all husdyrgjødsel føretaket skal spreie innan 10. august. Gjeld berre nær elvemuslingsvassdrag. Ny utforming av tiltaket.
§ 20 Nedlegging av husdyrgjødsel * Nedlegging av husdyrgjødsel innan 10. august på det arealet ein søker tilskotet for. Dersom ein brukar tilførselsslange, må ein søke om TO tilskot (§20 og § 22) for å få fullt tilskot. Ny utforming av tiltaket.
§ 21 Nedfelling av husdyrgjødsel * Nedfelling av husdyrgjødsel innan 10. august på det arealet ein søker tilskotet for. Dersom ein brukar tilførselsslange, må ein søke om TO tilskot (§21 og §22) for å få fullt tilskot. Ny utforming av tiltaket.
§ 22 Spreiing av husdyrgjødsel med tilførselsslange * Tiltaket gjeld berre i kombinasjon med nedlegging (§20) eller nedfelling (§21). Ny utforming av tiltaket.
Plantevern, jord og jordhelse
§ 23 Nedkjemping av ugras i radkulturar * Flamming eller mekanisk bekjemping av ugras i potet- og grønsaksproduksjon. Nytt tiltak!
§ 24 Fangvekstar sådd etter hausting * Såing av fangvekst etter tidleg hausting innan potet- og grønsaksproduksjon. Nytt tiltak!
Klimarådgjeving
§ 26 Klimarådgjeving Klimarådgjeving med NLR og/eller Tine der det vert laga klimatiltaksplan for føretaket. Tiltaksplan skal leggjast ved søknaden.

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.