Tilskot til slått av slåttemark (slått av slåttemark og lauveng registrert i Naturbase)

Ei artsrik slåttemark er fargerik av blomstrar. Ein må slå seint og etter avblomstring.
Ei artsrik slåttemark er fargerik av blomstrar. Ein må slå seint og etter avblomstring. Foto: Øyvind Vatshelle, SFVL.

Det kan gjevast tilskot for slått av slåttemark og lauveng registrert i Naturbase der slåtten er gjennomført slik at naturtypen blir teke vare på eller forbetra.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 16.07.2019, Sist endret 21.04.2023

Arealet det blir gitt tilskot for skal ikkje vere gjødsla, jordarbeida eller sprøyta med plantevernmidlar. Tilskotet blir fastsett per dekar. Dersom lokaliteten er mindre enn 1 daa, kan det søkast om 1 daa.

For lokalitetar som er registrerte i Naturbase med anna verdi/kvalitet enn «Svært viktig», «Viktig» eller «Lokalt viktig», skal ein nytte tiltaksklassen «Viktig» i søknadsskjemaet. Registrering i Naturbase er ikkje nok til å få tilskot, då skjøtselskrava også skal vere oppfylte.

Føretak som skjøttar areal som kan vere aktuelle for dette tiltaket, men der arealet ikkje er registrert i Naturbase, må kontakte kommunen for om mogleg å få arealet vurdert og lagt inn i Naturbase før det kan søkast tilskot. Godkjenning og registrering i Naturbase vert utført av Statsforvaltaren, og den prosessen kan ta litt tid.

Slåtten skal gjerast i samsvar med fastsette skjøtselsråd; sjå skjøtselsråd for slått av slåttemark og lauveng under.

Tilskotsavgrensing:
Det kan gjevast tilskot for inntil 40 dekar per føretak. Føretak som mottek dette tilskotet kan ikkje i same søknadsomgang gjevast tilskot for same areal etter § 14 Soner for pollinerande insekt.

Tiltaksklassar, utmålingseining og førebelse tilskotssatsar

Kr 1 250 per dekar
Inntil 40 dekar per føretak
 
Svært viktig  kr 1 250 per daa
Viktig  kr 1 250 per daa
Lokalt viktig  kr 1 250 per daa
(Slått av slåttemark og lauveng utført i samsvar med skjøtselsråd for inntil 40 daa per føretak. NB! Areala skal vere registrerte i Naturbase som slåttemark eller lauveng)

Skjøtselsråd for slått av slåttemark og lauveng

Dersom det finst skjøtselsråd for lokaliteten i Naturbase, bør ein følgje desse. Dersom det ikkje finst særskilte skjøtselsråd for lokaliteten, gjeld følgjande generelle rettleiing for drifta, jf. krav om at slåtten skal bli gjennomført slik at naturtypen blir teke vare på eller forbetra:

  • Slått bør bli utført med lett, skjerande slåtteutstyr som ljå, lett slåmaskin med slåttekniv eller kantklyppar med firkant- eller trekantblad, avhengig av kva arealet toler. Ein skal ikkje slå lågare enn 7 – 10 cm for å skåne vitale plantedelar og insekt. Pussing med beitepussar blir ikkje rekna som slått.

  • Arealet må bli slått seint kvart år til dømes i løpet av juli eller tidleg august. Dei spesielle blomsterartane i gamle slåttenger er avhengige av sein slått for å overleve. Dersom slåtten blir for tidleg, rekk ikkje blomstrane å setje modne frø som kan spire neste år.

  • Graset/høyet må bli fjerna frå arealet. Gras som blir liggande igjen vil ha gjødslingseffekt, til skade for den artsrike vegetasjonen. Daudgras vil i tillegg gje dårlege spireforhold for plantene om våren, og det vil skape kjølegare og mørkare forhold der det vert vanskelegare for overvintrande insekt å klekke.

  • Ein bør ha beiting vår og/eller haust (avhengig av klima og høgd over havet) med sau eller lett storfe, og helst med same type husdyr og etter same beitemønster som tidlegare. Beiting med tyngre storferasar er ueigna grunna tråkkskadar og slitasje. Vårbeitinga bør vere ferdig innan midten av mai, eller utgangen av mai i indre strok, slik at frø frå blomsterartane rekk å bli modne før slåtten. Beiting om hausten kan gjerne vare så lenge som råd/ut september.

  • Jordarbeiding, gjødsling, kalking eller isåing er ikkje aktuelt i ei artsrik eng då dette vil endre vegetasjonen. Særs sur eng med pH lågare enn 4,0 kan likevel bli kalka med skjelsand med ei mengd som er utrekna for å nå pH 4,0. Andre unntak er den naturlege husdyrgjødsla som vert liggjande etter vår- og haustbeiting, og tradisjonell gjødsling med særs små mengder fast sauegjødsel med erfaringar om at dette ikkje har skada enga. Her kan ein etter nærare vurdering drive vidare på same måte.

  • Moderat tilleggsfôring. Ved eventuell beiting av arealet bør ikkje driftsopplegget vere basert på mykje tilleggsfôring, då dette kan føre til oppgjødsling av arealet. Ekstra næringstilførsle kan gi meir grasvekst og redusert biologisk mangfald.

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.

Søknadsinformasjon

Dette tilskotet er eit av fleire tilskotsordningar som er ein del av regionalt miljøprogram. Søknadsfrist 15. oktober.

Les meir om regionalt miljøprogram, inkl. søknadsinformasjon, på temasida til  RMP