Utanlandske treslag
Utanlandske treslag er definert som artar, underartar, eller sortar av tre som ikkje har sitt noverande eller historiske utbreiingsområde i Noreg. Ei rekke artar er brukt som prydtre i hagar og parkar, eller som produksjonstre i skogbruket. Typiske døme er sitkagran (Picea sitchensis) og lerkeartar (Larix) som er nytta til skogproduksjon, og edelgran (Abies alba) og fjelledelgran (Abies lasiocarpa) nytta til juletreproduksjon.
Planting av utanlandske treslag
Du treng løyve om du ynskjer å plante utanlandske treslag til skogbruksføremål. Dette gjeld også for planting til produksjon av juletre og pyntegrønt.