Offentleg høyring av forskrift om regionale miljøtilskot i landbruket
Alle fylke skal vedta nye forskrifter til søknadsomgangen i 2023. I høyringsforslaget frå Statsforvaltaren i Vestland vert alle dagens tiltak vidareførte, med nokre tillegg og justeringar. Høyringsfristen er 14.03.23.
Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.
Regionalt miljøprogram
Regionalt miljøprogram for Vestland er eit strategiprogram fastsett av Statsforvaltaren i samråd med bondelaget og bonde- og småbrukarlaget. Programmet skal stimulere til å oppretthalde og utvikle eit ope og variert kulturlandskap. Særskilte verdiar i kulturlandskapet skal takast vare på og skjøttast, god agronomi skal fremjast, og ureining og tap av næringsstoff frå jordbruket skal reduserast. I miljøprogrammet er det definert fylgjande delmål:
1. Eit ope og velstelt kulturlandskap
2. Bratt jordbruksareal i aktiv drift
3. God utnytting av utmarksbeite og aktiv stølsdrift
4. Utvalde biologiske og kulturhistoriske verdiar i landskapet blir teke vare på og skjøtta
5. Landbruket er klimavenleg og har lite tap av næringsstoff og klimagassar til luft
6. Eit landbruk som er tilpassa eit endra klima
7. Minst mogleg tap av næringsstoff frå landbruket til vassdrag
Regionale miljøtilskot
Som ein del av regionalt miljøprogram kan bønder i Vestland i dag etter Forskrift om Regionale miljøtilskot i jordbruket, Vestland søke om tilskot til hausting av bratt eller veglaust areal, beitebruk, stølsdrift, skjøtsel av biologisk mangfald og kulturminne, miljøvenleg spreiing av husdyrgjødsel og klimarådgjeving. Beitelag kan søke om tilskot til drift av beitelag. Tilskota skal stimulere til miljøvennlege driftsformer og produksjon av miljøgode for samfunnet. Dei er til liks med nasjonale produksjonstilskot ei årleg driftsstøtte til føretak med landbruksproduksjon som oppfyller visse vilkår.
Høyring av ny forskrift
Alle fylka skal til søknadsomgangen 2023 ha utarbeidd nye fylkesvise forskrifter for sine regionale miljøtilskot i jordbruket. I høyringsforslaget frå Statsforvaltaren i Vestland vert alle dagens tiltak vidareførte, men nokre av desse er justerte i høve dagens tiltak. I tillegg ligg det inne framlegg om å innføre fem nye tiltak derav to tiltak innan beitebruk, to tiltak innan grønsaksproduksjon og eitt tiltak er innan vasskvalitet.
Alle tiltak innan regionale miljøtilskot må kunne innpassast i Instruks for regionale miljøtilskudd 2023 – 2026 (rapport 7.7. 2022) fastsett av Landbruksdirektoratet. Høyringspartane står fritt til å fremje andre tiltak enn dei som er til høyring så lenge dei er innanfor rammene fastsett i den nasjonale instruksen.
Høyringsfrist: 14.03.23.
Høyringsinnspel skal sendast til Statsforvaltaren i Vestland:
• E-post: sfvlpost@statsforvalteren.no eller
• Postadresse: Statsforvaltaren i Vestland, Statens hus, Njøsavegen 2, 6863 Leikanger
Kontaktpersoner
Dokumenter
- Forskrift for Regionale miljøtilskot i jordbruket i Vestland (høyringsdokument)
- Forskrift for Regionale miljøtilskot i jordbruket i Vestland (eksisterande forskrift)
- Fylgjeskriv (opplisting av endringane i høyringsdokumentet i høve til eksisterande forskrift)
- Vassførekomstar innan tiltaket Kantsone i eng jf. høyringsdokumentet
- Nasjonal instruks (nasjonal instruks legg føringar for ny forskrift)
- Nasjonalt miljøprogram