Kontroll av anlegg som driv med mekanisk overflatebehandling

Brukt blåsesand og avverka materiale samt overflødig materiale frå påføringar skal samlast opp. Oppsamla materiale skal leverast godkjent avfallsmottak.
Brukt blåsesand og avverka materiale samt overflødig materiale frå påføringar skal samlast opp. Oppsamla materiale skal leverast godkjent avfallsmottak. Foto: Statsforvaltaren i Vestland.

Vi har kontrollert seks verksemder som driv med mekanisk overflatebehandling og vedlikehald av metallkonstruksjonar i tilknytning til faste anlegg/installasjonar. Dei fleste har forbetringspunkt. 

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 16.11.2021

Fokus på handtering av brukt blåsesand

Noko av det vi var ekstra på utkikk etter i denne lokalt initierte tilsynsaksjonen var handteringa av avfall og då med spesielt fokus på brukt blåsesand.

Brukt blåsesand inneheld ofte tungmetall

Vi har erfaring med at brukt blåsesand ofte vert klassifisert som farleg avfall med krav om levering til godkjent avfallsmottak. Det er viktig at brukt blåsesand ikkje kjem på avvegar sidan den ofte kan innehalde tungmetall. Også spylevatnet etter reingjering av skip/båtar i ein slipp kan innehalde miljøskadelege stoff. Anten som oppløyst stoff og/eller som partiklar. Kva slags miljøskadelege stoff dette kan vere er påverka av kva for botnstoff som er på skipa/båtane som vert reingjort.

Oppsamla materiale skal leverast godkjent avfallsmottak

Brukt blåsesand, avverka materiale og overflødig materiale frå påføringar skal samlast opp. Oppsamla materiale skal leverast godkjent avfallsmottak.

Funn

To av verksemdene hadde alvorlege avvik innanfor avfallshandtering. Tre av verksemdene hadde mindre avvik innanfor avfallshandtering og internkontrollen. Ein av dei kontrollerte verksemdene hadde ingen avvik.

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.

Kontaktpersoner