Høyring av ny fisketid i Lærdalselvi
Miljødirektoratet har sendt ut eit forslag til endra fisketid i Lærdalselvi i Lærdal kommune. Frist for å komme med fråsegn er 31. mars 2022.
Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.
Forskriftene for fiske i sjø og vassdrag, med blant anna fisketider, blir revidert kvart 5. år. Gjeldande forskrifter vart vedteke i 2021. I tråd med retningslinjene, kan det mellom hovudreguleringane opnast for heilt naudsynte endringar i forskriftene.
Miljødirektoratet føreslår naudsynte endringar i 33 vassdrag og to sjøregionar i Noreg. I Vestland føreslår dei endring i Lærdalselvi som innebêr å redusere fisketida på sjøaure med ein månad, i tillegg til å innføre avgrensingar på reiskapsbruk.
Fiskereglar i dagens forskrift:
Kommune | Vassdrag | Fisketid | Spesielle reglar |
Lærdal | Lærdalselvi | 01.06-31.08 | All sjøaure mindre enn 45 cm og større enn 60 cm skal settast ut att. |
Forslag til nye fiskereglar:
Kommune | Vassdrag | Fisketid | Spesielle reglar |
Lærdal | Lærdalselvi | Ø: 01.07-31.08 | Det er berre lov å fiske med floge med flytande line eller flytande dupp. Saktesynkande fortom (synk 1) er lov. Flogene skal ha maksimal lengd på 5 cm, vere bunde på enkelt- eller dobbeltkrok, med maksimal krokstorleik 6, eller på plasttuber. Krok til tubefloge skal ha innklemte mothaker. All sjøaure mindre enn 45 cm og større enn 60 cm skal settast ut att. |
Frist for å komme med fråsegn er 31. mars. Fråsegner skal leggast inn på nettsida til Miljødirektoratet.
Fiske 2022
Med unntak av mogleg endring i Lærdalselvi, er fisketidene i vassdrag og sjø uendra for Vestland i 2022. Gjeldande forskrifter og fisketider finn du til høgre.
Kontaktpersoner
Lenker
Dokumenter
- Høyringsnotat - forslag om endringer i forskrift om fiske etter anadrome laksefisk i sjø og vassdrag
- Forslag til forskrift om endring i forskrift 15. mars 2021 nr. 798 om fiske etter anadrome laksefisk i vassdrag
- Forslag til forskrift om endringer i forskrift 15. mars 2021 nr 797 om fiske etter anadrome laksefisk i sjøen