Regulantprosjektet

For å undersøkje og betre tilstanden for fisk i regulerte vassdrag i Sogn og Fjordane, etablerte Fylkesmannen regulantprosjektet i 1994. Prosjektet er delt i fireårsperiodar.

Hardbakkevatnet og Stølsvatnet i Høyanger

Målsetjing

Fisk i regulerte vassdrag i Sogn og Fjordane (Regulantprosjektet) samordnar fiskeribiologiske undersøkingar i regulerte vassdrag, og er eit alternativ til at det vert gjeve enkeltpålegg om undersøkingar for kvar enkelt lokalitet. Undersøkingane skal gje grunnlag for å evaluere utsetjingspålegg og vurdere om det er nødvendig med tiltak for å styrke fiskebestandane. Prosjektet er delt i to med ein del som tek for seg innlandsfisk og ein del som tek for seg anadrom fisk (laks og sjøaure).

Organisering

Prosjektet «Fisk i regulerte vassdrag i Sogn og Fjordane» er i dag eit samarbeid mellom Bergenshalvøens Kommunale Kraftselskap (BKK), E-CO Vannkraft, Svelgen Kraft, Hydro Energi, Sogn og Fjordane Energi, Sognekraft, Statkraft, Sunnfjord Energi, Østfold Energi og Fylkesmannen i Vestland. Miljødirektoratet (Mdir) og Norges Vassdrags- og Energiverk (NVE) er nære samarbeidspartnarar, og har observatørstatus for prosjektet. Kostnadane knytt til drifta av prosjektet vert betalt av regulantane. Fylkesmannen har det faglege ansvaret og administrasjonen av prosjektet.

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.

Publisert 09.04.2019

Rapportar

Her finn du rapportar utgitt i regulantprosjektet.