Rettleiing til søknad om løyve etter forureiningslova

Miljødirektoratet har laga ei rettleiing om kva ein søknad om løyve skal innehalde.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 01.06.2022

Verksemder som kan føre til forureining, og som ikkje er lovleggjort gjennom forskrift eller omfatta av unntaka i forureiningslova § 8, må ha løyve etter forureiningslova. 

Alle som søkjer om nytt eller endra løyve etter forureiningslova må sende søknad med naudsynte opplysningar til Statsforvaltaren.

Det er komen ei ny rettleiing

Miljødirektoratet har laga ei rettleiing med god informasjon om kva opplysningar som er naudsynte for søknadar. 

Vi ber søkjarane bruke rettleiinga. Krav til innhald i søknaden er fastsett i forureiningsforskrifta § 36-2. Søkjarar må gå gjennom alle punkt og gjere greie for det som er relevant for deira verksemd. Søknaden må vere fullstendig før den blir behandla.

Det er ofte behov for vedlegg til søknaden

I Miljødirektoratet sin rettleiar er det laga vedlegg som kan nyttast i samband med utarbeiding av søknaden. I dei fleste tilfelle vil det vere behov for fleire opplysningar enn det som skal opplysast om i desse vedlegga. Kva som skal takast med av opplysningar og vurderingar går fram av rettleiinga til Miljødirektoratet.

Det er lovfesta regler for sakshandsaminga

I forureiningsforskrifta kapittel 36 er det reglar for handsaming av søknadane. Mellom anna er det krav til førehandsvarsling til berørte partar, offentlege etatar og interesseorganisasjonar. I ein del tilfelle er det krav til høyring. Vanleg høyringsfrist er fire veker. Når vi legg søknaden ut på høyring, vert det gjort på våre nettsider og i minst ei avis. Søkjar betalar i slike saker for kunngjeringa i avisa.

Vanleg tid for sakshandsaming er 6-9 månader frå fullstendig søknad er mottatt.

Når løyve er gitt vert dei kunngjort på nettstaden vår og lagt ut på www.norskeutslipp.no

De må betale gebyr for sakshandsaminga

Statsforvaltaren tek gebyr for arbeidet med løyve i samsvar med forureiningsforskrifta kapittel 39 om gebyr til staten for arbeid med løyve og kontroll etter forureiningslova.

Søknaden må sendast til Statsforvaltaren

Søknaden skal sendast til Statsforvaltaren på e-post til sfvlpost@statsforvalteren.no, eller til Statsforvaltaren i Vestland, Statens hus, Njøsavegen 2, 6863 Leikanger.

I rettleiinga til Miljødirektoratet står det at søknader om løyve kan gjerast via søknadsportalen Tilde. Denne portalen gjeld førebels berre for søknader til Miljødirektoratet og ikkje for søknader til Statsforvaltaren.

Har de spørsmål?

Spørsmål i samband med søknad om nytt eller endra løyve til landbasert industri kan rettast til dei som jobbar med forureining hos Statsforvaltaren i Vestland.

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.