Meldeskjema for mellomstore forbrenningsanlegg
Mellomstore forbrenningsanlegg skal i god tid før oppstart eller endring sende melding til Statsforvaltaren. Meldinga skal sendast på standard skjema.
Publisert 11.01.2019
Utslepp til luft frå mellomstore forbrenningsanlegg er regulert av forureiningsforskrifta kapittel 27.
Meldeplikt for mellomstore forbrenningsanlegg
Verksemder med nye anlegg eller utvidingar/endringar skal i god tid før oppstart/endring sende inn utfylt skjema til Statsforvaltaren.
Forskrifta regulerer forbrenningsanlegg med effekt frå 1 og inntil 50 MW
Nokre anlegg må ha utsleppsløyve
Statsforvaltaren kan på bakgrunn av meldinga avgjere at verksemda må ha utsleppsløyve etter forureiningslova. Verksemda kan då ikkje starte før eventuelt løyve er gitt.
Rettleiing til forskrifta
Fullstendig rettleiing til forureiningsforskrifta kapittel 27 ligg på Miljødirektoratet sine sider.