Klimautfordringane er sentrale i kommunal planlegging
Statsforvaltaren har nyleg sendt eit forventningsbrev til kommunane, som samanfattar viktige punkt i kommunane sitt arbeid med klimaomstilling.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Publisert 25.08.2021
                    
                I brevet har vi peika på følgjande:
- Klimaomstillinga krev klimaleiing og politisk forankring.
 - FNs berekraftmål skal vere grunnlaget for planlegginga.
 - Kommunane må sette ambisiøse mål i klima- og energiarbeidet.
 - Handlingsprogrammet må koplast til kommunebudsjettet.
 - Kommunane må utvikle klimarekneskap og klimabudsjett som verktøy.
 - Arealforvaltinga er sentral for å nå klimamåla.
 - Konkrete klimatiltak i jord- og skogbruk er viktige.
 - God folkehelse heng saman med innsatsen på klimaområdet.
 - Klimatilpassinga må omfatte alle relevante sektorar.
 
Nyleg lanserte FNs klimapanel (IPCC) ein ny hovudrapport om klimaendringane i verda. For å møte klima- og miljøutfordringane må samfunnet gjennom ei omstilling. Kommunal planlegging er viktig for å redusere klimagassutslepp og førebu lokalsamfunna på klimaendringane. Kommunal planlegging må leggjast opp på ein måte som viser viktige samspel mellom utsleppsreduksjonar, naturmangfald og klimatilpassing.