Kunngjering av løyve til mudring, dumping og utfylling i samband med bygging av Stad skipstunnel for Kystverket i Stad kommune
Statsforvaltaren gav den 30. august 2023 løyve til tiltak i sjø i samband med bygging av Stad skipstunnel. Løyve er gitt til Kystverket.
Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.
For å betre tryggleiken og evna til å ta seg fram for sjøtransport forbi Stad skal Kystverket byggje ein skipstunnel gjennom Stadlandet. I samband med etablering av tunnelen er det gitt løyve til følgande tiltak i sjø:
- Utdjuping av farleia i Saltasundet
- Utdjuping av farleiene i entringsområda i Moldefjorden og Kjødepollen
- Mellombels og permanent utfylling i sjø ved entringsområda i Moldefjorden og Kjødepollen
- Deponering av totalt 8 500 000 m³ reine og moderat forureina overskotsmassar i sjødeponi i
Moldefjorden
Løyvet gir vilkår for utføring av tiltaka. Vilkåra er sett slik at fare for forureining og fare for negativ påverknad på fisk og anna marint biologisk liv vert redusert til akseptabel risiko.
Kva utgjer størst fare for forureining og negativ påverknad og korleis er det regulert?
Tiltak i sjø som medfører bevegelse i sediment kan påverke det marine miljøet på fleire måtar. Det er størst risiko for negativ påverknad partikkelspreiing og tilslamming av nærliggande områder, undervasstøy og endring og forverring av habitat.
Tiltaka i sjø skal utførast på ein måte som minimerer spreiing av partiklar og tilslamming av vassmassane. Det skal nyttast partikkelsperrer under alle tiltaka i sjø og plasseringa av partikkelsperrene skal gi ein beskyttande effekt til dei sårbare naturverdiane i nærleiken. Spreiing av finstoff skal overvakast ved hjelp av turbiditetsmålarar, med grenseverdiar for suspendert stoff og eit alarmregime med stans i arbeida dersom grenseverdiane vert overskridne.
Det skal utførast støyreduserande tiltak under alt sprengingsarbeidet i sjø for å minimere undervasstøy og negativ påverknad på marine organismar. Av omsyn til gyte- og oppvekstperiode for torsk nær tiltaksområdet, skal sprengingsarbeid i Saltasundet og Kjødepollen ikkje skje i perioden frå 1. februar til 15. juni.
Statsforvaltaren gir unntak frå forureiningslova § 32 første ledd om at overskotsmassar skal leverast lovleg avfallsanlegg eller gjennomgå gjenvinning
Mudra massar frå sjø og overskotsmassar frå sprenging av tunnelar vert rekna som næringsavfall, jf. forureiningslova § 27 a andre ledd. Det følgjer av forureiningslova § 32 at næringsavfall skal bringast til lovleg avfallsanlegg eller attvinnast der bruk av massane kjem til nytte ved å erstatte materialar som elles ville blitt brukt, slik at forbruket av naturressursar vert redusert.
Plassering av overskotsmassar i sjødeponi er ikkje nyttig gjenbruk/gjenvinning. I saker der det ikkje er tale om gjenvinning av avfallet, kan Statsforvaltaren etter § 32 andre ledd i særlege tilfelle gje unntak frå hovudregelen om levering til avfallsanlegg, altså samtykke til såkalla "anna disponering" av avfallet. Statsforvaltaren er styresmakt etter § 32 andre ledd der overskotsmassar skal deponerast i sjø utan samfunnsnytte frå land eller frå skip.
Deponering av massar i sjø vil vere ein langsiktig påverknad utover anleggsperioden som vil føre til ei permanent habitatendring. Det er derfor ønskeleg at mest mogleg av massane skal nyttiggjerast i andre samanhengar, i staden for å bli dumpa i sjødeponiet. Kystverket har samarbeidd med omkringliggjande kommunar og private aktørar for å finne samfunnsnyttig bruk av overskotsmassane frå Stad skipstunnel i andre prosjekt i området.
Per dags dato er det ikkje avklart kor store mengder av overskotsmassane som kan gå til andre formål. Det må også takast høgde for at det på grunn av tilhøve utanfor prosjektet ikkje vil vere mogeleg å transportera massar ut frå Moldefjorden. Statsforvaltaren samtykker til at inntil 8,5 millionar m³ overskotsmassar kan bli deponert i sjødeponiet i Moldefjorden.
Informasjon
Søknad om løyve og løyvet med vilkår ligg til høgre på denne sida. Det er også lagt inn andre relevante dokument/rapportar tilhøyrande søknaden.
Løyvet ligg også på www.norskeutslipp.no.
Rett til å klage
Partane som er involvert i saka og andre med særlege interesser, kan klage på vedtaket innan tre veker. Klaga skal sendast til Statsforvaltaren, som kan gjere om vedtaket eller sende klaga vidare til Miljødirektoratet. Merk klaga med referansenummeret 2021/5132.
Kontaktpersoner
-
Magne Nesse
Tlf: 55 57 23 35
Dokumenter
- Søknad om løyve til mudring, sprenging og disponering av massar i sjø_Stad skipstunnel
- Løyve etter forureiningslova til mudring, dumping og utfylling i Stad kommune for Kystverket
- Rapport_Undervannsstøy i forbindelse med sprenging_Stad skipstunnel
- Stad skipstunnel_Naturmangfald i sjø
- Konsekvensutgreiing marint naturmangfald_Stad skipstunnel
- Miljøundersøkingar sediment_Stad skipstunnel
- Høyringssvar frå Havforskningsinstituttet_Stad skipstunnel