Kunngjering om endra løyve til akvakulturanlegg i Stad kommune
Statt Torsk AS fekk 2. mai 2023 endra løyve til utslepp frå produksjon av matfisk av torsk på lokaliteten Rekvika.
Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.
Endringane er gjort i vilkår 12.7, det er ikkje lenger sett krav til støykartlegging ved lokaliteten. Ut over dette er løyvet uendra.
Brev med vurdering av saka og løyvedokumenta finn du til høgre på sida. Løyva vert òg tilgjengelege på www.norskeutslipp.no.
Rett til å klage
Partane som er involvert i saka og andre med særlege interesser kan klage på vedtaket, altså endringa av vilkår 12.7 i løyvet, innan tre veker.
Klagen skal sendast til Statsforvaltaren, som kan gjere om vedtaket eller sende klagen vidare til Miljødirektoratet. Merk klagen med referansenummeret som står i saksdokumenta.