Tiltaksplan for villreinen i Nordfjella
Statsforvaltaren har fått oppdrag frå Miljødirektoratet om å lage utkast til tiltaksplan for villreinen i Nordfjella. Vi ber om innspel til tiltak, med friste 1. juni.
Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.
Arbeidet med tiltaksplan er ein del av oppfølginga av kvalitetsnormen for villrein. Føremålet med tiltaksplanen er å løfte villreinområdet frå dårleg tilstand til god tilstand, slik at villreinstamma blir sikra på lang sikt.
Tiltaksplan for villreinområdet Nordfjella
Alle som ønskjer det er velkomne til å kome med innspel til tiltak. Det kan vere både små og store tiltak, på kort og lang sikt. Det avgjerande er at det er tiltak som kan betre tilhøva til reinen i Nordfjella.
Statsforvaltaren har samla mange ressurspersonar, både interne og eksterne, i ei prosjektgruppe og fleire faggrupper. Gruppene jobbar med ulike tema og sikrar brei medverknad i arbeidet. Norsk Villreinsenter sør er sekretariat for arbeidet.
Innan 1. desember 2023 skal vi levere utkast til tiltaksplan til Miljødirektoratet.
Frist for å kome med innspel er 1. juni 2023
Du kan leggeje innspela dine inn i skjemaet under lenkjer, sende dei inn på epost til sfvlpost@statsforvalteren.no eller sende per post til Statsforvaltaren i Vestland, Statens hus, Njøsavegen 2, 6863 Leikanger. Merk saka med referansenummer 2023/3565.
Alle innspel vert registrert i vår postjournal. Alle må difor skrive under med fullt namn.
Tiltaksplan for villreinen på Hardangervidda
Statsforvaltaren i Oslo og Viken leie arbeidet med å lage utkast til tiltaksplan for villreinen på Hardangervidda. Frist for å komme med innspel til tiltaksplanen for villreinen på Hardangervidda er 1. juni 2023. Informasjon om korleis komme med innspel finn du på sidene til Statsforvaltaren i Oslo og Viken.
Opptak av fellesmøte 8. juni 2023
Opptaket er arkivert.