Ville pollinerande insekt har fått sin eigen tiltaksplan
Det har vore dramatisk nedgang i insektbestandane globalt på få år. Ein av tre kritisk truga artar i Noreg er insekt. Den nye tiltaksplanen skildrar korleis vi kan ta betre vare på dei mangfaldige insekta våre, og at alle kan bidra litt.
Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.
Utan pollinerande insekt hadde det blitt lite eple, plommer, morellar eller blåbær. Dei skaffar oss frukt, bær, nøtter, ja, til og med sjokolade og kaffi!
Det store biletet
Fleire forskningsartiklar syner ein sterk nedgang i insektbestandar globalt. FN peikar på at dei viktigaste trugsmåla mot naturmangfaldet er arealendringar, utslepp av miljøgifter, og dei pågåande klimaendringane. Trugsmåla rettar seg også mot norske økosystem, og summen av desse påverkar insekta våre i høgste grad. Noreg har om lag 17 000 insektartar, og over 1100 av dei er truga.
Av alle vurderte artar i Noreg (20 915) er 21 prosent raudlista. Dei truga artane utgjer 11 prosent. Dersom ein berre ser på bier og humler, er 30 prosent raudlista og 18 prosent truga, jamfør tal frå Artsdatabanken. Det tyder på at pollinerande insekt som gruppe både har ein større del raudlisteartar og ein større del truga artar, enn alle vurderte artar sett under eitt.
Tiltaksplanen skal gjelde for dei neste sju åra
Strategien for pollinerande insekt frå 2018 vert no følgd opp med ein 7-årig tiltaksplan (2021-2028), der 24 nye tiltak er skildra.
Tiltaka kan grupperast i tre kategoriar:
- Auka kunnskap
- Gode leveområde
- Formidling
Ansvaret for gjennomføringa av dei ulike tiltaka er fordelt på ulike sektorstyresmakter, stat og kommune, frivillige organisasjonar, og på deg og meg!
"Alle som forvalter et areal kan gjøre noe for å bedre forholdene for humler, bier og andre insekter." Sitat frå tiltaksplanen, der seks statsrådar har signert.
Nettselskap har til dømes eit ansvar for at kraftlinetrasear kan fungere som spreiingskorridorar for pollinerande insekt. Vegstyresmakter har ansvar for at vegkantar kan fungere tilsvarande. Skognæringa har ansvar for å la død ved liggje att, sidan det er ein viktig del av livssyklusen for mange biller, teger og enkelte bier.
Kva kan du og eg gjere?
Kvar og ein av oss kan bidra til kunnskapsgrunnlaget ved å registrere og rapportere inn insekt. Har du sett eller lasta ned Artsorakel? Det er den nye appen du kan nytte til å lære kva ulike artar heiter. Om du er heilt sikker på kva du har observert kan du registrere funna dine på Artsobservasjoner.
Ein annan måte å bidra på er å la hagen gro til. Hald av eit hjørne utan så mykje stell og la det stå til! Her er ei oppskrift på korleis ta det med ro, la grasklypparen stå, og samstundes bidra til mat for flygande insekt.
Mange av tiltaka føreset ei sentral koordinering, og Miljødirektoratet skal i samarbeid med dei andre direktorata rapportere årleg til Klima- og miljødepartementet på status for gjennomføring av tiltaka. Med både nasjonale overvakingsprogram og tiltak i ulike sektorar kan ein sjå om vi kan betre livsvilkåra for insekta.
Les tiltaksplanen i fana til høgre og finn ut kva som er din plass i denne dugnaden. Sjekk gjerne også ut tilskotsordninga for ville pollinerande insekt.