Folkemøte i Årdal om ei mogeleg utviding av Jotunheimen nasjonalpark
Den 18. januar inviterer vi til ope folkemøte i Årdal om ei mogeleg utviding av Jotunheimen nasjonalpark. Velkomen!
Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.
Statsforvaltaren i Vestland har fått i oppdrag å starte prosessen med ei mogleg utviding av Jotunheimen nasjonalpark. Oppdraget omfattar og å undersøke om det er lokal aksept for å gjere om delar av Utladalen landskapsvernområde til nasjonalpark. Utan lokal aksept vil vi ikkje starte opp ein formell verneplanprosess. De kan lese meir om oppdraget vi har fått ved å følgje lenkja til høgre.
Vi ønskjer difor å invitere alle interesserte til folkemøte i Årdal kulturhus 18. januar 2023 kl. 18.00.
Her vil Årdal kommune ønskje velkomen før vi orienterer om oppdraget vi har fått og korleis vi ser for oss den vidare prosessen. Etterpå vil det vere god tid til spørsmål og innspel. Innspela som kjem her vil vere viktige for oss i den vidare prosessen. Vi vil halde tilsvarande møte i Luster seinare i vinter.
Det vil bli enkel servering av kaffe og noko å bite i.
Vel møtt!
Kontaktpersoner
-
Halvor Røssum
Tlf: 57 64 31 44 -
Eline Orheim
Tlf: 57 64 30 12 / 41 56 38 47