Folkemøte i Luster om ei mogeleg utviding av Jotunheimen nasjonalpark
Torsdag 23. mars inviterer vi til ope folkemøte i Luster om ei mogeleg utviding av Jotunheimen nasjonalpark. Velkomen!
Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.
Statsforvaltaren i Vestland har fått i oppdrag å starte prosessen med ei mogleg utviding av Jotunheimen nasjonalpark. Oppdraget omfattar og å undersøke om det er lokal aksept for å gjere om delar av Utladalen landskapsvernområde til nasjonalpark. Utan lokal aksept vil vi ikkje starte opp ein verneplanprosess. Du kan lese meir om oppdraget vi har fått ved å følgje lenkja til høgre.
Vi inviterer difor alle interesserte til folkemøte på Fjordstova i Skjolden 23. mars 2023 kl. 18.00.
Luster kommune vil ønskje velkomen før vi orienterer om oppdraget vi har fått og korleis vi ser for oss den vidare prosessen. Etterpå vil det vere god tid til spørsmål og innspel. Innspela som kjem her vil vere viktige for oss i den vidare prosessen
Vel møtt!
Kontaktpersoner
-
Halvor Røssum
Tlf: 57 64 31 44 -
Eline Orheim
Tlf: 57 64 30 12 / 41 56 38 47