Hugs ferdselsforbodet i sjøfuglreservata
Sjøfuglane har begynt årets hekkesesong. I denne sårbare perioden er det viktig at fuglane ikkje blir forstyrra, og derfor er det no ferdselsforbod i sjøfuglreservata.
Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.
I Vestland fylke er litt over 100 område langs kysten verna som sjøfuglreservat. Nokre av sjøfuglreservata er berre små enkeltholmar, mens andre er større øygrupper med øyar, holmar og skjer. I tillegg er fem våtmarksreservat viktige hekkeområde, og desse har også ferdselsforbod i hekketida.
Fordi ferdselsforbodet skal gi sjøfuglane fred i hekketida, gjeld det både på land og på sjøen.
I praksis betyr dette at det ikkje er lov å gå på land i sjøfuglreservata, og innanfor reservatgrensene er det heller ikkje lov å ferdast i båt innanfor ein avstand på 50 meter frå øyer, holmar og skjer. I nokre av dei største sjøfuglreservata er denne avstanden redusert til 10 meter. For yrkesfiske og tilsyn med beitedyr gjeld eigne reglar.
På grunn av ein langvarig situasjon med lite næring i havet, har sjøfuglbestandane i fleire år vore sterkt reduserte. Fleire artar har gått ned meir enn 70 % etter hundreårsskiftet, og både havhest, krykkje, fiskemåse, gråmåse, hettemåse, makrellterne, tyvjo, teist, lomvi, alke og lunde har etter kvart hamna på den norske raudlista over truga og sårbare artar.
Hekkebestandane av makrellterne og raudnebbterne var i ein periode etter hundreårsskiftet så små at begge artane i praksis måtte reknast som nær utdøydde på Vestlandet. Dei siste ti åra har heldigvis begge artane gradvis begynt å kome tilbake. Fuglen på biletet er ei raudnebbterne. Foto Tore Larsen
Kvifor ferdselsforbod?
Nest etter næringsmangel er forstyrringar den viktigaste negative faktoren for sjøfuglane i Sogn og Fjordane. I ein sjøfuglkoloni er egg og ungar kontinuerleg under oppsyn av ein av foreldra, som jobbar på skift med ruging og matleiting. Dette skuldast at egg og ungar er svært utsette for ver og vind, og ikkje toler å ligge uskjerma for verken høge eller låge temperaturar. Det vil derfor raskt gå galt dersom foreldra blir skremte vekk frå reiret. I tillegg kjem at egg og ungar er hjelpelause bytte for stormåsar, ramn og kråke når dei blir liggande åleine.
For at sjøfuglbestandane skal klare å bygge seg opp igjen, er det derfor avgjerande viktig at dei får fred på hekkeplassane. Eitt enkelt besøk kan i verste fall spolere heile årsproduksjonen på ein hekkeplass.
Gjer deg kjent med kvar sjøfuglreservata finst!
Vi oppfordrar alle som ferdast på sjøen til å gjere seg kjent med kvar verneområda finst, og å ta omsyn til ferdselsreglane. Verneområda er merka med skilt på nokre holmar, og er dessutan avgrensa med grøn strek på båtsportkart og kartmaskiner/GPS.
Ikkje alle sjøfuglar hekkar i verna område, så ta omsyn til fuglelivet også på andre øyer og holmar i hekketida!
Kontaktpersoner
-
Tore Larsen
Tlf: 57 64 31 26 / 90 84 69 42 -
Stein Byrkjeland
Tlf: 55 57 21 14 / 90 09 36 15
Sjøfuglreservat
For informasjon om områda, trykk på lenkja fullversjon i kartet. Sjøfuglreservata er markert med brunt.