Informasjonsmøte om supplerande vern på Fedje

myrlandskap med mose og opne felt med vatn under grå himmel
Dei vidstrakte myrene på Fedje dekkjer landskapet. Myr er den naturtypen på land som lagrar mest karbon og er difor ikkje berre viktige for biologisk mangfald, men også for karbonlagring. Myra kan ha fleire meter tjukk torv. Foto: Statsforvaltaren i Vestland.

Fedje har store førekomstar av verdifull myr som er viktig for både biologisk mangfald og for karbonlagring. Vi inviterer til ope møte om utviding av Fedjemyrane landskapsvernområde. Velkomen til møte i Fleirbrukshallen på Fedje den 27. november kl 18.00. 

Publisert 01.11.2023

Statsforvaltaren i Vestland har fått i oppdrag frå Miljødirektoratet om å gå i dialog med kommunane i fylket for å finne fram til område som kan vere aktuelle for bevaring av verdifull natur. I desse områda skal vi vurdere om vern kan vere aktuelt, og i så fall i kva form.

Eit av desse områda er på Fedje. Her skal vi vurdere om det kan vere aktuelt med ei utviding av dei eksisterande Fedjemyrane landskapsvernområde og Sekkedalstjørn naturreservat. 

Nasjonalt viktig natur

Det aktuelle området på Fedje har store førekomstar av verdifull myr og kystlynghei, som begge er naturtypar som det er er viktig å ta vare på.

Kystlyngheiene på Fedje er truleg av dei eldste vi har i Vestland. Drift av kystlynghei, med beiting og brenning, er tatt opp att i Fedjemyrane landskapsvernområde. Slik blir viktige naturverdiane teke vare på. Skjøtselen er komme i gang i eit samarbeid mellom grunneigarar, lokale krefter og oss.  Statsforvaltaren som er ansvarleg for verneområdet, og vi ønskjer å legge til rette for slik skjøtsel i aktuelle areal også i utvidingsområdet.

I det aktuelle arealet er det også store samanhengande myrer. Desse er viktige for naturmangfaldet. Myr er også den naturtypen som lagrar mest karbon på land og dei er dermed svært viktige i klimasamanheng.

Lokal oppslutning og dialog er viktig

God dialog med kommune, grunneigarar og andre lokale interesser er heilt sentralt i den vidare prosessen. 

Vi inviterer derfor til informasjonsmøte i Fleirbrukshallen på Fedje om dette arbeidet den 27. november kl 18-20. Alle er velkomne!

Vi ønskjer å informere om kva eit vern vil innebere, og vi ønskjer å få meir informasjon om korleis området blir brukt i dag. Denne informasjonen, kombinert med registrerte naturkvalitetar i området, vil danne grunnlag for å vurdere om vi skal gå vidare med verneprosessen. Om vi gjer det, vil vi også legge vekt på slik informasjon når vi skal foreslå avgrensing og vernereglar.

Dersom du har innspel eller spørsmål kan du ta direkte kontakt med sakshandsamar på e-post solveig.roald@statsforvalteren.no eller på telefon 55 57 23 27.

Kart med førebels forslag til avgrensing av utvidingsområdet med grøn skravur. 

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.