Tilrår nye grenser for Flostranda naturreservat
Fylkesmannen tilrår Miljødirektoratet å redusere Flostranda naturreservat i vest, og utvide i aust. Tilrådinga kjem som ei følgje av bygging av ny tunnel på fylkesveg 722 til Flo.
Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.
Publisert 15.02.2019
For å byggje ny og rassikker tunnel frå Veslebygda til Flo etter dei godkjende planane må eit areal på om lag 10 dekar takast ut av naturreservatet ved tunnelinnslaget i vest. Som kompensasjon for dette har grunneigarane i Flo tilbode erstatningsareal på om lag 35,5 da i aust, på nedsida av den gamle vegen som vert nytta i dag. Utviding og reduksjon av naturreservatet har vore på høyring.
Kontaktpersoner
-
Tom Dybwad
Tlf: 57 64 31 23 -
Eline Orheim
Tlf: 57 64 30 12 / 41 56 38 47